Nye sykkelstativ på sykkelhotellet på Straume

- Vi håpar at folk vil oppleva det meir attraktivt å bruka sykkel i når dei reiser med buss. Det seier mobilitetsrådgjevar i Øygarden kommune, Christoph Beidenhauser, etter at det sist veke vart montert nye, trygge og smarte sykkelstativ på sykkelhotellet.

Christoph Beidenhauser håpar på auka bruk av sykkelhotellet med nye sykkelstativ. - Klikk for stort bileteChristoph Beidenhauser håpar på auka bruk av sykkelhotellet med nye sykkelstativ.

Det er Miljøløftet som har finansiert dei nye sykkelstativa. Med denne smarte sykkelstasjonen kan stativa opnast og låsast enkelt, anten ved hjelp av Bikeep-appen, eller med eit kort eller ein telefon med NFC-funksjon. 

- Dette kan til dømes vere eit tilgangs-, nøkkel- eller betalingskort. Det er også mogleg å reservera seg ein parkeringsplass på førehand i appen, seier Beidenhauser. 

Parkerte syklar vert låste fast ved hjelp av ei stålbøyle som er utforma for både vanlege syklar og elsyklar som ofte har breiare rammer. I tillegg har stativa ein akustisk tjuverialarm som utløyser lyd dersom nokon prøver å opne bøyla med makt.

- Tiltaket vil auke tryggleiken for parkerte syklistar betrakteleg. Vi håpar at denne oppgraderinga vil gjera det meir attraktivt å bruka sykkel i samband med bussreiser, og at syklistar kan parkera utan bekymring, sjølv om dei kanskje har gløymt låsen denne dagen.

Det er svært enkelt å opna sykkelstativa med kort - Klikk for stort bileteDet er svært enkelt å opna sykkelstativa med kort.

Slik brukar du stativa:

  1.     Lås opp sykkelhotellet med betalingskortet for eí krone.
  2.     Finn eit ledig stativ og sett inn sykkelen.
  3.     Lås stativet med eit nøkkel- eller betalingskort, eller i Bikeep-appen.
  4.     Ta bussen dit du skal.


Last ned appen her: Download the Bikeep App | Bikeep

Video med guide om bruk av sykkelstativ med kort: https://youtu.be/qX3hN9rPC8I.

Video med guide om bruk av sykkelstativ med app: https://youtu.be/_jHzclIrs_8