Tilskot til inkludering av barn og unge

No kan du søkje støtte til tiltak for inkludering av barn og unge – søknadsfrist 31. oktober.

Ill. En kvinne og en gutt blåser såpebobler sammen. Bildet er svart-hvitt med fargede bobler. - Klikk for stort bileteIll.

Frivillige lag, organisasjonar og kommunale aktørar i Øygarden kan no søkje om støtte til aktivitetar som fremjar inkludering av barn og unge.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har opna for søknader til ordninga Tilskot til inkludering av barn og unge for 2026. Ordninga skal bidra til at alle barn og unge får høve til å delta i fritidsaktivitetar og fellesskap – uavhengig av bakgrunn og økonomi.

Kven kan søkje?

  • Frivillige organisasjonar
  • Kommunale einingar og tenester
  • Andre offentlege og private aktørar

Søkjarar må kunne dokumentere eigenandel:

  • Frivillige organisasjonar: 5 %
  • Offentlege og private aktørar: 20 %

Kva kan ein få støtte til?

Tilskotet skal brukast til tiltak som førebyggjer utanforskap og styrkjer deltaking blant barn og unge i alderen 0–24 år. Det kan t.d. vere:

  • Aktivitetstilbod på fritida
  • Ferieaktivitetar og lågterskeltilbod
  • Utstyrssentralar og lokale fritidskassar
  • Arbeidstrening, rådgjeving og sosial støtte
  • Samarbeidstiltak mellom kommune og frivillig sektor

Bufdir prioriterer prosjekt som når ut til barn og unge som står i fare for å falle utanfor – og som har høg måloppnåing, god geografisk dekning og inkluderer nye aktørar.

Slik søker du:

På nettsida til Bufdir finn du meir informasjon om ordninga og korleis du kan søkja om tilskot

Du finn der og ei oversikt over dei 12 ulike aktivitetstypane du kan søkje tilskot til. Lokale lag og organisasjonar kan òg ta kontakt med Øygarden kommune dersom de ønskjer råd eller samarbeid i søknadsprosessen.

Søknadsfristen er 31. oktober 2025.