Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 40.

Kraftig vind og mykje nedbør på veg

Den første hauststormen er på veg. Stormen «Amy» slår til over heile Sør Noreg fredag og laurdag. Sjølv om stormen vert kraftigast søraust i landet, vil vi merka godt til uveret her vest også. 
Les meir. 

Sluttar seg til forslag om ny sjukeheim

Levekårsutvalet tilrår, slik kommunedirektøren innstiller, at det vert etablert sjukeheim i Skipsdalen på Straume og at arbeidet vert starta opp snarast mogleg. Prosjektet vert realisert som ei forlenging til Øygarden lokalmedisinske senter (ØLMS). Levekårsutvalet vil også at sjukeheimen vert bygd med 80 plassar med fortrinnsvis ØLMS-standard, og med høve til å utvida med ytterlegare 40 heildøgns omsorgsplassar med døgntilsyn.
Les meir.

Tilrår å leggja planprogram på høyring

Kommuneplanutvalet tilrår at forslag til planprogram for arealdelen til kommuneplanen 2027-2039 vert lagt ut på høyring i seks veker. Med planforslaget følgjer strategiar og prinsipp som viser kva verdiar vi skal bevara og korleis Øygarden skal utviklast for framtida. Dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga, vil planen liggja ute til høyring i perioden 24. til 7. desember.
Les meir.

Amalie fekk oppfylt draumen om å møta Gabrielle

I vår hadde Fjell ungdomsskule besøk av MOT Noreg på draumeturneen deira. I den samanhengen ønskte skulen å oppfylla ein draum for ein av elevane. 
- Dette var knapt til å tru, seier Amalie som var heldig og fekk møta Gabrielle. Kvart år på 9. trinn får alle elevane høve til å søkja om å få oppfylt ein draum.
Les meir.

Sluttar seg til forslag om ny sjukeheim

Eldrerådet tilrår, slik kommunedirektøren innstiller, at det vert etablert sjukeheim i Skipsdalen på Straume og at arbeidet vert starta opp snarast mogleg.
Les meir.

Open kantine på rådhuset etter dødsulukke

Etter den tragiske dødsulukka på Ågotnes sundag morgon, vart kantina på Øygarden rådhus på Straume open frå klokka 18.00 sundag for dei som ønskte å samlast.
Les meir.

Gler seg over mangfaldet

Laurdag føremiddag var det mønstring av det frivillige arbeidet i Øygarden då frivilligdagane offisielt vart opna.
- Sjå på dette store mangfaldet, sa ordførar Tom Georg Indrevik frå scena på Sartor Storsenter litt over klokka 11.
Les meir.

Kurs: Korleis støtta engstelege barn?

Kommunepsykologane inviterer til kurs der vi ser på korleis vi kan forstå følelsen frykt og gjennomgår prinsipp frå behandling.
Les meir.

Haustferietilbod for barn og unge

Her finn du oversikt over ulike haustferieaktivitetar for barn og unge i Øygarden. Informasjon om påmelding og pris finn du under kvar aktivitet. Det er førstemann-til-mølla prinsippet som gjeld.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (40)

  • 29.09.:  Interne møte
                 Miljøløftet styringsgruppa
                 Møte med Vestland fylke
  • 30.09.:  Plastryddeaksjon
                 Møte med leiar i ungdomsrådet
  • 01.10.:  Beredskap 
                Deltek på eldredagen 
  • 02.10.:  Medlemsmøte – Vest-Norges Brusselkontor
                 Arr. Sund ungdomsskule 
  • 03.10.:  Besøk Midtgarden 
                 Dialogmøte med Vestland fylke
                 Åpning av Byggeren 
  • 05.10.:  UN Genève

Ordføraren neste veke (41)

  • 05.10.-08.10.:  Geneve, 
                           Deltar og held innlegg på UN Forum of Mayors
  • 09.10.:  Møte med aktør i samband med Energiparken
  • 10.10.:   AU Høgre digitalt