Kraftig vind og mykje nedbør på veg

Den første hauststormen er på veg. Stormen «Amy» slår til over heile Sør-Noreg fredag og laurdag. Sjølv om stormen vert kraftigast søraust i landet, vil vi merka godt til uveret her vest også. 

Illustrasjonsfoto. Storm. - Klikk for stort bileteIll.foto

Det er viktig at lause gjenstandar vert sikra. Ver også merksam på at bølgene vil vera svært høge vest for Øygarden. 

Over Sotrabrua vil vindkasta koma opp mot 28 sekundmeter natt til laurdag.

Vinden og nedbøren vil vera mest intens frå fredag ettermiddag/kveld til laurdag føremiddag.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland