Tilrår å leggja planprogram på høyring

Kommuneplanutvalet tilrår at forslag til planprogram for arealdelen til kommuneplanen 2027-2039 vert lagt ut på høyring i seks veker. Med planforslaget følgjer strategiar og prinsipp som viser kva verdiar vi skal bevara og korleis Øygarden skal utviklast for framtida.

Frå møtet i kommuneplanutvalet 30. september. - Klikk for stort bileteFrå møtet i kommuneplanutvalet 30. september.

Dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga, vil planen liggja ute til høyring i perioden 24. oktober til 7. desember.

På møtet vart det signalisert at det kan koma endringsframlegg knytt til strategiar fram mot kommunestyrebehandlinga den 21. oktober.

Arealdelen til kommuneplanen 2027-2039 vert den første felles arealdelen for heile Øygarden kommune. Kommunedirektøren skriv i saksutgreiinga at strategiane som følgjer planprogrammet er ei nødvendig tydeleggjering av samfunnsdelen. Planprogrammet viser prioriteringar av korleis vi skal avvega ønskt utbygging opp i mot areala vi skal ta vare på. 

Planprogrammet skildrar korleis planprosessen skal gjennomførast og kva som er målet med planarbeidet. Utkastet skildrar også bruk av kunnskap som grunnlag for ny arealdel og korleis øygardssamfunnet skal kunna medverka i arbeidet. 

Les meir om innhaldet i planframlegget her. (PDF, 59 kB)

Løyser måla i samfunnsdelen

Arbeidet med arealdelen til kommuneplanen inneber at kommunen får vedteken del to av ein samla kommuneplan, etter plansystemet til kommunen og plan- og bygningslova. Arealdelen skal bidra til å løysa måla i samfunnsdelen, med ein arealbruk som svarar ut både samfunnsstrategiane og arealstrategiane. 

I saka går det fram at det er nokre målkonfliktar i samfunnsdelen mellom vern og utbygging. 

- I dette arbeidet står vi derfor ovanfor ei vanskeleg oppgåve, der vi skal prioritera mellom verdiar vi skal ta vare på og framtidas utvikling, skriv kommunedirektøren.

Etter planen skal altså kommunestyret den 21. oktober vedta å leggja planframlegget ut på høyring i seks veker (24.10 – 07.12.). Det vert medverknadsmøte for innbyggjarar 11. november på innbyggartorget og biblioteket på Straume og medverknadsmøte for næringslivet i kultursalen i Øygarden rådhus den 13. november. 

Kommuneplanutvalet får orientering om innspela som er komne inn i møtet 10. desember. Endeleg vedtak av planprogram med strategiar vert gjort januar 2026.

Etter planen skal arealdelen til kommuneplanen vedtakast av kommunestyret i juni 2027.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke