Fleirtalspartia hadde gruppemøte i saka om ny sjukeheim.Elles vert det tilrådd at kommunedirektøren får fullmakt til å velja den mest formålstenlege gjennomføringsmodellen for å sikra framdrift, medrekna prefabrikerte løysingar. Det vert bede om at det vert lagt fram ei eiga sak november 2025 med forslag til etablering av 20 + 20 heildøgns omsorgsplassar i 2026 – 2027, og at dette erstattar ombygging av Straume bu- og servicesenter til heildøgns omsorgsplassar.
Tre medlemer i utvalet (Ap og Sp) røysta for å etablera eit nytt kjøkken i sjukeheimen som erstatning for dagens kjøkken på Fjell sjukeheim. Dette forslaget fekk dermed ikkje fleirtal.
I saka skriv kommunedirektøren at tomta i Skipsdalen også gjev fleire fordelar: betre tekniske rammer, moglegheit for å samla kjøkkenfunksjonar, og bevaring av parkeringskapasitet på Straume – noko som også er i tråd med tidlegare politiske vedtak. Ytterlegare kapasitetsauke av parkeringsplassar på Straume er ikkje lagt inn i prosjektet.
Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.
Justerer krinsane for Landro og Toftøy skular
Med 10 mot eí røyst vedtok levekårsutvalet at elevane frå Turøyna og Misje skal høyra til Toftøy skulekrins. Det var KrF som fremja forslaget. Forslaget er i samsvar med vedteken skulebruksplan.
Konsekvensane av denne krinsjusteringa vert at frå skuleåret 2026-2027 skal elevar på første trinn frå dei to øyane gå på Toftøy skule. Det gjeld også nye elevar som flyttar til Turøyna og Misje. Dei elevane frå desse øyane som no går på Landro skule, fullfører skulegangen der.
Tenesteskildringar Helse og velferd - etter høyring
Denne saka skisserer formålet med ein tenestekatalog, samt tenesteskildringar som er utarbeidde i tett samhandling med tenestestadene. Den detaljerte tenestekatalogen skildrar kva forventningar innbyggjarane kan ha til kommunale tenester i tida som kjem.
Levekårsutvalet tilrår at tenesteskildringane vert vedtekne slik dei ligg føre, med dei endringar som er tilrådd i saka.
Saka går til behandling i kommunestyret.
Kriterium for spelemidlar - Øygarden kommune
Saka omhandlar kommunale prinsipp for tildeling av spelemidlar, og inneber at kommunen fastset retningslinjer for korleis spelemidlar skal tildelast og brukast til idrettsanlegg og nærmiljøanlegg innanfor kommunegrensene. Kriteria avgjer kven som kan søkja, kva slags anlegg som kan få støtte, prioritering og korleis søknadene vert handsama.
Spelemiddelordninga er lagt opp til at kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkja om spelemidlar til idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og kulturbygg. Spelemidlane skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å driva idrett og fysisk aktivitet.
Utvalet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren og vedtok at nye søknader sendt inn før 2025 skal prioriterast høgast. Nye søknader frå og med søknadsåret 2025/26 vert vurdert opp mot målsetnader i samfunnsdelen til kommuneplan for (KPS), strategiplan for kultur, idrett og frivilligheit, behovsanalyse for kultur, idrett og fysisk aktivitet, regional og statleg anleggspolitikk. Les heile vedtaket her. (PDF, 63 kB)
Kvalitetsmeldinga for grunnskulen 2024-2025 for Øygarden kommune
Kvalitetsmeldinga for grunnskulen er den årlege rapporteringa frå administrativ skuleeigar til politisk skuleeigar.
Skulesjef Rune Golf opplyste på møtet at kvalitetsmeldinga byggjer på statistiske data på kommunenivå og årsmeldingane til skulane, som blir gjennomgått i kvalitetsdialogen mellom skulesjef og den einskilde skule.
- Vi er på rett veg når det gjeld resultata av nasjonale prøvar (5., 8. og 9. trinn), sa skulesjefen mellom anna.
Utvalet tilrår å ta kvalitetsmeldinga til orientering og ber kommunedirektøren prioritera fleire innsatsområde i skuleåret 2025- 26. Dette er fagleg utvikling, undervisningspraksis, læringsmiljø og tidleg innsats og tverrfagleg samhandling.Les heile tilrådinga her. (PDF, 41 kB)
Høyringssaker
- Høyring - strategi for rekruttering av personell i helse- og velferdsyrka
Levekårsutvalet tilrår høyringsuttale slik han går fram av vurderinga i saka.
- Forskrift om skule- og feriedagar (skulerute) - Øygarden kommune – Høyring
Levekårsutvalet vedtok å leggja forskrifta «Forskrift om skule- og feriedagar (skulerute)– Øygarden kommune», slik ho ligg føre i saka, ut på høyring i seks veker. Ny forskrift vil tre i kraft 1. januar 2026.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke