Laurdag føremiddag var det mønstring av det frivillige arbeidet i Øygarden då frivilligdagane offisielt vart opna.
- Sjå på dette store mangfaldet, sa ordførar Tom Georg Indrevik frå scena på Sartor Storsenter litt over klokka 11.
Midtre Sotra skulekorps spelte frå scenaRådgjevar Julia Valeska Woehlert i Øygarden kommune opplyser at det er 31 utstillarar dette året. Det betyr at ein dette året slår rekorden frå i fjor (29).
Eit relativt nytt frivllig tiltak er Sund aktivitets- og fleirbrukstun. Dette er drive av frivillige lag og organisasjonar og legg til rette for ein møtestad som fremjar fellesskap og nettverk vert skapte. SAFT har teke i bruk gamle Sund skule i Klokkarvik.
Ordføraren og ungdomar frå Tremorkirken prøvde å dansa saman med maskoten til Natteravnane, Reven Ravn.Tone Kolsrud Tennfjord og Øygunn Skodvin Prestegård fortel at sundag 28. september klokka 12 er det haustmarknad med lokal mat og opning av «Brukt og nytt». Ordføraren kjem også.
- Dette er eit hus for alle aldrar. Det handlar om mangfald og inkludering. Vi har svaret på dette i praksis. Det er mykje skjult einsemd blant unge. Hugs at ikkje alle finn seg til rette med fotball, seier dei to kvinnene.
Tone Kolsrud (til venstre) og Øygunn Skodvin Prestegård frå SAFT.Ordførar Tom Georg Indrevik opplever det fint å sjå det store engasjementet i det frivillige arbeidet.
- Vi ville vore eit fattigare samfunn, og vi ville vore mindre attraktiv utan dette. Hugs at det frivillige arbeidet har ei rekkje gratistilbod for alle, seier ordføraren.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 27.09.2025 12.33