Det var stas for Amalie (til høgre) å møta Gabrielle. Til venstre; venninna Maria.
Charlotte Foldnes Torsvik.
Kvart år, på 9. trinn, får alle elevane høve til å søkja om å få oppfylt ein draum. Skulen prøver alltid å realisera nokre draumar lokalt, i tillegg til at vi sender søknader vidare til Trondheim for å sjå om MOT Noreg kan oppfylla nokre av dei.
I år fekk Amalie oppfylt draumen sin. Ho drøymde om å møta Gabrielle backstage i samband med konserten hennar på Koengen. Amalie fekk beskjed om at draumen hennar skulle gå i oppfylling gjennom ei videohelsing frå Gabrielle framført for heile skulen.
God samtale
Fredag 29. august fekk Amalie reisa saman med ei venninne og MOT-coachen Charlotte til Koengen for å møta Gabrielle Susanne Solheim Leithaug. Der fekk dei ein god samtale, stilte spørsmål, tok bilete og laga ei videohelsing. Dei fekk óg oppgradering til Gabby’s sirkel, som var VIP-området.
Charlotte Foldnes Torsvik.
I etterkant av møtet fortalde Amalie at ho var svært takksam, og at ho knapt kunne tru at draumen faktisk hadde gått i oppfylling.
- Eg er særleg glad for at eg vågde å drøyma, sjølv om det kjendest litt skummelt ut, seier Amalie.
Gjennom MOT har skulen fleire gonger fått høve til å oppfylla draumar for ungdomane.
- Vi veit at dette er opplevingar dei tek med seg vidare i livet. MOT bidreg verkeleg til å gjera ein forskjell, og vi står att med ungdomar som kjenner ei djup takksemd, seier rådgjevar, lærar og MOT-coach, Charlotte Foldnes Torsvik.