Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 34.

Vil vera meir ute i friminutta

Det var fest på Sund ungdomsskule på måndag då det nye uteområdet vart offisielt opna av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Vi lovar å halda oss meir utandørs i friminutta no, seier dei to elevane som klipte snora, Nora Kalgraff Håkonsund og Ida Sofie Rokkan.
Les meir.

130 nye innbyggjarar andre kvartal 2025

Ved utgangen av andre kvartal 2025 var 40 342 personar busette i Øygarden. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I løpet av andre kvartal auka folketalet i Øygarden med 130 personar. Det vart fødd 98 barn i løpet av kvartalet, og fødselsoverskotet utgjorde 39 personar.
Les meir.

- Inspirerande å møta Øygarden kommune

Kommunalavdelinga i Kommunal- og distriktsdepartementet besøkte Øygarden kommune torsdag ettermiddag.
- Det var nyttig og inspirerande å høyra korleis Øygarden jobbar med dei utfordringane heile kommunesektoren står overfor, seier ekspedisjonssjef Cathrin Sætre etter møtet.
Les meir. 

Føreslår å lysa ut konkurranse på omsorgsbustader

Kommunedirektøren tilrår å lysa ut konkurranse på 40 nøkkelferdige omsorgsbustader. Formannskapet skal behandla saka den 26. august. Denne saka er ei oppfølging av to tidlegare politiske saker om å byggja omsorgsbustader i samarbeid med private aktørar og tilbod om kjøp eller leige av omsorgsbustader til eldre på Ågotnes.
Les meir.

Bli med på Natt i naturen

Frå laurdag 6. til sundag 7. september kan du i fellesskap med ordføraren og mange andre overnatta under open himmel i Smivågen på Tyssøyna. - Eg garanterer godt fellesskap og god stemning, seier ordførar Tom Georg Indrevik. Natt i naturen er ein del av Friluftslivets år, og friluftslivets veke 2025 vert arrangert i heile landet frå 6. til 14. september.
Les meir.

Val 2025 - Heimestemming

Veljarar som av helsemessige og liknande årsaker ikkje kan førehandsstemma eller stemma på valdagen 8. september, kan be om å få stemma heime. To valmedarbeidarar vil då oppsøka veljaren privat.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (34)

  • 18.08.:  Interne møte
                 Opning av nytt uteområde Sund ungdomsskule 
                 Møte om plansaker
                 Gruppeleiarmøte (fleiretalsposisijonen)
  • 19.08.:  Doktorgradsstudentar
  • 20.08.:  Hordaland på børs i regi av Bergen Næringsråd 
                Møte CCB
                Møte Marens hjørne 
                Gruppeleiarmøte 
  • 21.08.:  Presentasjon av Kommunal- og distriktsdepartementet
  • 22.08.:  Styremøte KS – Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 23.08.: To vigslar

Ordføraren neste veke (35)

  • 25.08.:  Interne møte
                 Gruppemøte 
  • 26.08.:  Formannskapsmøte
  • 27.08.:  Besøk på Bildøy bibelskole
                 Folkemøte på Rong om Energiparken 
  • 28.08.:  VNR frukostmøte CCB
  • 29.08.:  Diverse møte 
  • 30.08.: Vigslar
  • 31.08.:  Opning av kulturverndagane – Hjemle gamle kyrkje