Frå venstre; kommunedirektør Johnny Breivik, ekspedisjonssjef Cathrin Sætre og ordførar Tom Georg IndrevikDelegasjonen på 50 personar har hatt eit breitt fagleg program med innleiingar både frå Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og frå Statsforvaltaren i Vestland. Målet med besøket var å lære meir om korleis kommunen jobbar med omstilling, spesielt i møte med ei aldrande befolkning.
Programmet gjekk føre seg i kultursalen, og Øygarden kommune presenterte fire viktige satsingar: Øygarden 2040, Omstilling i helse og velferd, Saman om barnet og Framtidssamfunnet.
– Vi må tenkja nytt for å møta framtidas behov. Det krev både god planlegging og nye måtar å organisere tenestene på, sa kommunedirektøren.
Kommunaldepartementet fatta særleg interesse for nokre av prosjekta som er under arbeid i tenestene. Prosjektleiar Monica Pedersen presenterte blant anna prosjektet "Vår nye ressurs", der personar utanfor arbeidslivet får arbeid som servicemedarbeidarar i helse og omsorg. Dette gjev betre bruk av fagkompetanse og bidreg til arbeidsintegrering.
- Vi har tru på denne måten å arbeida på, men det krev at NAV held fram med å gje kommunen lønnstilskot, sa ho.
Einingsleiar Annette Henden presenterte også Saman om barnet og Landsbymodellen, der kommunen arbeidar for å bygga støtte rundt barn og unge gjennom tverrfagleg samarbeid. Arbeidet med Landsbymodellen har vakt interesse frå mange andre kommunar, og har vist seg å gje mange gode gevinstar så langt.
Under dialogen med departementet kom Øygarden med fleire innspel, blant anna behov for meir fleksible støtteordningar, betre rammer for innovasjon og større lokalt handlingsrom.
50 personar frå kommunalavdelinga i departementet deltok på samlinga.Ekspedisjonssjefen uttrykte at ho var godt nøgd med besøket.
- Vi fekk kunnskap om kva som er utfordringar kommunen møter i dei ulike tenesteområda og utviklingsprosjekta. Inntrykket er at Øygarden er oppteken av å sjå utviklingsmoglegheiter for at innbyggjarane skal få best mogleg tenester, seier Cathrin Sætre.
Også ordførar Tom Georg Indrevik var godt nøgd med møtet med departementet. Han slo eit slag for formannskapsmodellen.
- Eit døme på at dette fungerer er at kommunestyret i eit tverrpolitisk samarbeid i mars 2025 vedtok ein innsparingspakke på 70 millionar kroner, sa ordføraren til dei frammøtte og viste til at 41 av 45 representantar stod bak vedtaket.
Også kommunedirektør Johnny Breivik opplevde møtet med departementet som nyttig.
- Det er fint at dei sentrale styresmaktene prioriterer å møta kommunane på denne måten. Vi er opptekne av kommunen skal ha eit godt handlingsrom, og Øygarden kommune er gjerne med på eit samarbeid som kan bidra til å utvikla kommunen og dei kommunale tenestene, seier han.
Tekst: Elin Helland-Jooste og Vigleik Brekke
Foto: Vigleik Brekke