Bli med på Natt i naturen

Frå laurdag 6. til sundag 7. september kan du i fellesskap med ordføraren og mange andre overnatta under open himmel i Smivågen på Tyssøyna. 
- Eg garanterer godt fellesskap og god stemning, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Det er ikkje berre i Øygarden at det skal overnattast ute i naturen denne natta. Natt i naturen er ein del av Friluftslivets år, og friluftslivets veke 2025 vert arrangert i heile landet frå 6. til 14. september.

Med speidarane frå Tofterøy KFUK KFUM i spissen vert alle speidarar og andre interesserte i kommunen inviterte til å delta i overnattingsarrangementet på Tyssøyna. I Smivågen er det strand, svaberg og skog, og i dette området er det perfekt å arrangera Natt i naturen. Det er god plass til å setja opp telt for dei som vil det.

Ordførar Tom Georg Indrevik har ikkje tenkt å overnatta i telt. Han tek med seg hengekøye og overnattar under open himmel.

- Vi skal ha leirbål og felles aktivitetar både om ettermiddagen og kvelden laurdag og sundag morgon. Ta med mat og nødvendig ustyr og møt opp, seier ein optimistisk ordførar. 

Til Smivågen kan du gå langs vegen og på grusvegen frå parkeringsplassen. Du kan også gå ein sti heile vegen fram eller ta ein tur etter at du har sett opp teltet. Det er fleire stiar å gå på i området ved Smivågen for dei som vil vandra: Rundtur på Tyssøy | UT.no.

Vi fyrer opp leirbålet klokka 1900. Vi håpar å sjå deg der!

Hugs også at du kan låna utstyr på BUA på Ågotnes.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Gard Eirik Arneberg