BUA - lån av fritidsutstyr

På BUA i FriHuset på Ågotnes låner vi ut utstyr til idrett, leik og friluftsliv. Vi har utstyr til sommar- og vinteraktivitetar for barn, ungdom og vaksne.

BUA logo - Klikk for stort bilete

Opprett profil

Alt du treng er å oppretta ein profil på bua.no. Er du under 18 år, må ein føresett oppretta profil og registrera deg som medlånetakar. Du kan låne utstyr i inntil syv dagar.

Oversikt over utstyr

Oversikt over utstyr finn du på nettsida til bua.no. Du kan reservere utstyr ved å ta kontakt med oss på e-post eller telefon 948 29 573 (berre i opningstida) eller berre stikke innom i opningstida.

Pris

Det er gratis å låne utstyr og tilgjengeleg for alle!

Opningstid

BUA Øygarden er open tysdagar og torsdagar mellom kl. 12.00-18.00 og fredagar kl. 10.00-12.00 på skuledagar. Ver merksam på at det kan vera andre opningstider i skuleferien. Oppdaterte opningstida finn du på vår Facebooksideog på BUA.no. For henting eller levering utanom opningstida, ta kontakt med oss på e-post.

Donera til BUA?

Har du fritidsutstyr som berre ligg i garasjen utan å bli brukt? Vi tek gjerne imot pent brukt, reint utstyr av god kvalitet. Ta kontakt med oss!

Følg med på Facebooksida vår

Fotogalleri

BUA i Øygarden - Klikk for stort bilete
BUA i Øygarden - Klikk for stort bilete
BUA i Øygarden - Klikk for stort bilete
BUA i Øygarden - Klikk for stort bilete
BUA i Øygarden - Klikk for stort bilete
BUA - FriHuset på Ågotnes
E-post

Opningstider

Frihuset på Ågotnes

Tysdag: 12.00 - 18.00
Torsdag: 12.00 - 18.00
Fredag: 10.00 - 12.00

Adresse

Hamramyra 2,
5363 Ågotnes