Ida Sofie Rokkan (til venstre) og Nora Kalgraff Håkonsund gler seg over det nye uteområdet på Sund ungdomsskule.For fem millionar kroner er det kome på plass ein flott fotballbane (7ar-bane), basketballbane, treningsområde, fuglereirdisse og opprydding av uteområdet elles.
Rektor Anne Hufthammer viste til at dette området har vore ein grusbane heilt sidan skulen vart teken i bruk i 1965.
- Då eg var elev her på den kombinerte barne- og ungdomsskulen, måtte vi vera ute i alle friminutta. Det einaste vi gjorde var å gå fram og tilbake på bana. Men vi fekk snakka og bevega på oss og kikka på gutane, sa rektoren.
Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora.Seinare fekk elevane vera inne i friminutta. Baneområdet grodde etter kvart til. Og elevane vart etter kvart verande mykje innandørs i friminutta.
- Det er fantastisk å stå her i dag og sjå den store forandringa som er gjort. La oss ta vare på dette området med glede og respekt. La oss visa glød, vera på lag og ikkje minst vera modige og inkluderande. Her skal vi saman skapa ein trygg og inspirerande skulekvardag, sa Anne Hufthammer.
Rektor Anne HufthammerNøgde elevar
MOTivatorane Nina Kalgraff Håkonsund og Ida Sofie Rokkan (begge klasse 10c) gler seg også over det nye uteområdet.
- Før var det ein grusplass med mykje ugras. Det var ujamt, men det vart spelt fotball på området. Det er fint at vi no har fått ein skikkeleg fotballbane, seier Nora.
Uteområdet vart godkjent og teken i bruk frå torsdag i sist veke. Og dei første dagane var det mange som har tok turen til uteområdet ved ungdomsskulen. Det har allereie blitt ein attraktiv møteplass.
- Eg trur det vil trekkja folk til denne plassen. Eg har ikkje brukt det så mykje ennå. Tidlegare var det lite attraktivt å vera ute, men no kjem vi til å bruka det meir og vera meir ute i friminutta. Det er viktig med fysisk aktivitet, seier Ida Sofie.
Uteområdet er romsleg og gjev plass til mange aktivitetar.Det var ordførar Tom Georg Indrevik som klipte snora og erklærte det nye uteområdet for offisielt opna.
- Det er viktig at elevane er meir ute og brukar området medan dei er på skulen. Elles er eg sikker på at dette vil bli ein attraktiv plass som folk i ulike aldrar kan ha nytta av også utanom skuletida. Eg takkar alle som har bidrege til at dette no er på plass, seier ordføraren.
Rektor Anne Hufthammer retta ein stor takk til arkitekt Vibeke Weglo, politikarane som løyvde pengar til prosjektet og til kommuneadministrasjonen som har følgd opp vedtaket, ikkje minst Christian Alsaker og Jonathan Tøgard. Ho takka også Andre Pletten og Thor-Andre Wikholm med fleire hjå Anleggsgartnermester Wikholm AS for eit svært godt samarbeid.
Spar ved Kjetil Klepsvik sponsa pølse og brød til elevane og dei tilsette.
- Han er ein ekte lokal støttespelar og heiar på dette prosjektet og lokalsamfunnet like mykje som oss, sa rektoren.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke