130 nye innbyggjarar andre kvartal 2025
Ved utgangen av andre kvartal 2025 var 40 342 personar busette i Øygarden. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I løpet av andre kvartal auka folketalet i Øygarden med 130 personar. Det vart fødd 98 barn i løpet av kvartalet, og fødselsoverskotet utgjorde 39 personar.
Det viktigaste bidraget til folkevekst dette kvartalet var innanlandsk nettoinnflytting, som førte til 83 fleire innbyggarar i Øygarden. Netto innvandring utgjorde åtte fleire innbyggarar.
Så langt i år har folketalet i Øygarden auka med 237 personar. Dette utgjer ein vekstrate på 0,6 prosent. På same tid har Bjørnafjorden kommune hatt 0,9 prosent vekst. Veksten i Øygarden har vore høgare enn i kommunane Askøy (0,4 prosent), Alver (0,1 prosent) og Bergen (0,0 prosent) så langt i år.
Tekst: Kristina Espeseth
Foto: Colourbox
Publisert 21.08.2025 15.47