
Drifta av Northern Lights er i gang
Den 17. og 18. juni vart det markert at prosjektet Langskip er sett i drift.
- Dette er eit globalt gjennombrot for fangst og lagring av karbonfangst, seier energiminister Terje Aasland. I ei pressemelding skriv regjeringa at Noreg med dette tek historiske steg i klimakampen når verdas første fullskala verdikjede for fangst og lagring no vert sett i drift.
Les meir.
- Godt å vera øygardsværing
Kommunedirektøren fekk mykje ros då kommunestyret på torsdag behandla to saker knytt til risikoen langs røyrleidningar nord i kommunen.
- Måten kommunen har angripe dette på, er eg stolt av, sa kommunestyrerepresentant Eilert Hellesøy (KrF). Kommunestyret vedtok at mellombels forbod langs trasé for Vestprosess på Harkestad og i Svanevågen vert oppheva. Det vart også vedteke eit nytt mellombels forbod mot tiltak langs delar av røyrtraséen til Vestprosess, Troll kondensat og Oseberg transportsystem.
Les meir.
Skulle gjerne hatt meir ressursar
- Vi er særleg interesserte i korleis de i Noreg organiserer undervisninga til elevar med særlege behov. Det seier dei fire pedagogane frå den franske skulen Collège Roger Salengro som besøkte Øygarden i sist veke. Som ein del av eit Erasmus+-prosjekt besøkte dei fire gjestene Kolltveit skule og fekk i løpet av dei tre-fire dagane god innføring i det norske skulesystemet.
Les meir.
- Eg gler meg alltid til dette
Vi møter fire av elevane på Kolltveit skule som får vera med på miljøbasen kvar onsdag.
- Onsdag og fredag er dei beste dagane, seier Dylan som har miljøbasen på onsdagane og gymnastikk på fredagane som sine favorittdagar på skulen. Miljøbasen har rundt 25 elevar frå 4. til 7. klasse der den eine gruppa samlast før storefri og den andre etter storefri kvar onsdag.
Les meir.
Last ned ØyVAR-appen og slepp inn på gjenbruksstasjonen
No lanserer vi appen ØyVAR, og han må du ha for å koma inn på Midtstegen gjenbruksstasjon. Appen gir deg óg viktige varsel om bosstømming. For å sleppa inn må du først registrera deg i appen og få ein QR-kode. Denne QR-koden bruker du til å opna bommen på Midtstegen gjenbruksstasjon.
Les meir.
Skal kartleggja fritidsvanane til unge i Øygarden kommune
I midten av juni blir Barnefamiliepanelet sendt ut til alle barnefamiliane i Vestland fylke. Undersøkinga gir auka kunnskap om barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar. Barnefamiliepanelet er ei spørjeundersøking om barn og unge si fritid.
Les meir.
Går ofte på tur her
Tor Waardal frå Godvik var ein av dei som kom innom Larslibua då det var invitert til dagsturhyttetreff på laurdag. Dette var eitt av fleire arrangement for å markera at no er den nye kommunen passert fem år.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (25)
- 16.06.: Interne møte
Besøk Northern Light – Sveitiske energiminster
Møte med Telavåg Seafood - 17.06.-18.06.: Opning av Langskip CCS Prosjekt – Oslo
- 19.06.: Kommunestyremøte
- 20.06.: KS- Hovudstyre Oslo
- 21.06.: Tre vigslar
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (25)
- 16.06.: Interne møte
Generalforsamling ØYVAR
Styremøte Vest Norsk teater
Styremøte bymuseet
Gruppemøte - 18.06.: Sotra VGS
- 19.06.: Arbeidsgiverutval
Kommunestyremøte - 20.06.: To vigslar
- 21.06.: 10 års jubileum Knarrevik munnspillkorps
Ordføraren neste veke (26)
- 23.06.: Interne møte
Miljøfyrtårnutdeling Liegruppen
Lunsj politisk leiing - 24.06.: Møte med Bergen kommune om hamn
- 25.06.: Møte i EFTA Forum – digitalt
Naturressurskommunane styremøte, digitalt
Generalforsamling i Trigger
Strategimøte med Johnny Breivik
Dialog med ØyVAR - 26.06.: Årsmøte og general forsamling i Vest-Norges Brusselkontor, digitalt
- 27.06.: AU Høgre, digitalt
Varaordføraren neste veke (26)
- 23.06.: Interne møter
Miljøfyrtårnutdeling
Lunsj politisk leiing - 25.06.: Sotra VGS
- 26.06.: Oppsummering halvår
- 28.06.: Vigsel