Eilert Hellesøy roste arbeidet med dei to sakene knytt til risikoen langs røyrleidningar.Kommunestyret vedtok at mellombels forbod langs trasé for Vestprosess på Harkestad og i Svanevågen vert oppheva. Det vart også vedteke eit nytt mellombels forbod mot tiltak langs delar av røyrtraséen til Vestprosess, Troll kondensat og Oseberg transportsystem.
Alle dei som tok ordet i debatten gav ros til måten kommunedirektøren og folka hans har behandla saka på.
- Eg har vore opprørt av denne saka frå dag eín. Det er imponerande det kommunen har fått til. Eg tar av meg hatten, sa Hellesøy.
Ordførar Tom Georg Indrevik sa at dette er den vanskelegaste saka han har vore med på å behandla i kommunen.
- Eg håpar innbyggjarane ser nytten av at det er brukt ressursar på dette, sa ordføraren og minna om at det framleis er nokre som vert ramma av det nye mellombelse forbodet.
Konsekvensen av vedtaket i kommunestyret på torsdag er at forbod mot tiltak langs røyrleidninga får vesentleg mindre omfang enn det som har vore tilfelle sidan 2022.
I mars 2022 vedtok kommunestyret mellombels forbod mot tiltak for trasé langs Vestprosess røyrleidning etter at Gassco hadde frårådd ytterlegare fortetting av bustader innanfor 210 meter frå midtlinja til røyret til kvar side av Vestprosessrøyret.
Equinor har i 2024/2025 gjennomført arbeid med revisjon av risikoanalysar for alle petroleumsrøyrleidningar på land i Noreg. Dette inkluderer fem røyrleidningar på land i Øygarden. I saka vurderer kommunedirektøren det slik at dei reviderte analysane gjev grunnlag for å oppheva mellombels forbod mot tiltak langs Vestprosess røyrleidning og erstatta det med eit avgrensa mellombels forbod mot tiltak med grunnlag i dei reviderte risikoanalysane.
Før kommunestyret gjorde vedtak om mellombels forbod, vart det i ei anna sak gjort vedtak knytt til kritisk infrastruktur i området.
Der stiller kommunestyret seg bak kommunedirektøren si situasjonsforståing om den kritiske infrastrukturen i kommunen. Kommunestyret støttar val av metode for innarbeiding av risiko i arealplan etter storulukkemetodikk, som vist i denne saka. Kommunestyret forventar at verksemdene tek innhaldet i denne saka til etterretning og handterer eventuelle vidare krav til risikoreduksjon, etter gjeldande regelverk, innanfor eigen drift og verksemd.
Godkjende planprogram for Straume
Kommunestyret godkjende planprogram for områderegulering for Straume sentrum nord.
Vedtaket inneber mellom anna at det skal sikrast reell medverknad frå private eigedomar og næringsliv i den vidare planprosessen slik at ein kan skapa gode og praktiske vegløysingar og infrastruktur. Dette må mellom anna gjelda det samla vegsystemet med tilgang til parkeringsanlegg og eigedomar for å styrka det heilskaplege mangfaldet i Straume regionsenter.
I saka går det fram at Stovevatnet vert fylt ut i samband med bygging av Sotrasambandet, og gjev eit nytt sentralt utbyggingsareal på Straume. Planen skal sikra gode samanhengar i Straume sentrum, regulera areal til ein ny vidaregåande skule og sikra nødvendig infrastruktur. Planen skal også leggja til rette for blågrøne strukturar, ulike publikumsfunksjonar, betre mobilitet og sjå på mogleg fortetting med bustader.
Frå møtet 19. juniGodkjende planprogram for karbonfangsprosjekt
Kommunestyret fastsette planprogram for detaljregulering for Smeaheia CO2-anlegg. Reservoaret er relativt stort og det er planlagt lagring av opptil 20 millionar tonn CO2 per år.
Equinor fekk i 2022 tildelt lisens for lagring av CO2 i det geologiske reservoaret Smeaheia under Nordsjøen. Konsept for transport av CO2 skal ta imot CO2 med skip, mellomlagra CO2 på land og vidaresenda det i røyr for permanent lagring i reservoaret. Konseptet skal frakta CO2 frå Europa gjennom røyrleidningar direkte til Smeaheia.
Første fase er planlagt med ein kapasitet på fem millionar tonn CO2 årleg. Til samanlikning er kapasitet for fase 1 i Northern Lights på 1,5 millionar tonn CO2 årleg.
Trafikksikringsplan endeleg vedteken
Kommunestyret vedtok trafikktryggleiksplan for Øygarden kommune 2025 - 2029 slik han låg føre. Planen gir informasjon om ulukkesstatistikk i heile kommunen og avgjer kva tiltak som skal prioriterast for å redusera ulukkestala og betra trafikktryggleiken for både køyrande, gåande og syklande. Planen erstattar tidlegare trafikktryggleiksplanar for Fjell, Sund og Øygarden.
Etter forslag frå Anita Garlid Johannessen vart det vedteke eit tillegg der ein ber kommunedirektøren vurdera to tiltak. Desse to tiltaka er:
- Trygg skuleveg frå Glesvær og Golta til Spildepollen skule (jamfør avtale då skulen vart bygd)
- Overgangsfelt ved Fjellavegen 153
Plan- og miljøutvalet får fullmakt til å supplera planen med tiltaka ovanfor.
Står fast på vedtak om Skålevik skule
Tre representantar frå Arbeidarpartiet har kravd lovlegkontroll i saka om «Skålevik skule – permanent og mellombels erstatning». Kommunestyret vedtok den 15. mai å slå saman Ulveset og Skålevik skular frå skuleåret 2025/2026 til nye Vestsida skule.
Kommunestyret vedtok på møtet i dag med 29 mot 16 røyster (Ap, SV, MDG, INP, Sp og Raudt) å oppretthalda vedtaket i kommunestyret den 15. mai. Fleirtalet var samansett av Høgre, Sotralista-TVØ, Frp, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet.
Saka går til endeleg avgjerd hjå Statsforvaltaren i Vestland.
Tre representantar frå Arbeidarpartiet har bedt om lovlegkontroll av skulevedtaket. På talarstolen, Marianne Sandal Bjorøy (gruppeleiar).Store investeringsbehov
Det er utarbeidd behovsanalysar for helse og velferd, idrett, kultur og fysisk aktivitet og eigedom.
Det vart vedteke å leggja vedlagde behovsanalysar til grunn for vidare arbeid med budsjett- og økonomiplan.
Behovsanalysen for helse og velferd, med langsiktig skisse til å møta kapasitetsutfordring fram mot 2039, vert lagt til grunn for framtidig planlegging. Dette vil oppheva tidlegare vedtak knytt til kapasitet i helse- og omsorgsbygg i Gjennomføringsplan for framtidige helse- og velferdstenester (2021) og Bustadsosial temaplan (2023). Andre strategiske grep og ambisjonar i planane ligg fast.
I vedtaket heiter det vidare at ein ber kommunedirektøren vurdera fleire grep som reduserer det samla investeringsbehovet framover, og komma tilbake med revisjon av Øygarden 2040 hausten i gjeldande år.
Behovsanalysen for helse og velferd viser eit samla behov for over 300 nye heildøgns omsorgsplassar fram mot 2040. Investeringsbehovet er totalt estimert til 1,8 milliardar kroner fram mot 2039, med hovudtyngda på ny sjukeheim, oppgradering av eksisterande bygg og etablering av nye omsorgsbustadar tilrettelagt for heildøgns tenester.
Behovsanalysen for kultur, idrett og fysisk aktivitet viser at kommunen har eit relativt stort omfang av anlegg i kommunen, som samla sett dekker behovet ut frå innbyggartalet. Analysen viser til eit samla investeringsbehov på om lag 215 millionar fram mot 2040 for å sikra at vi opprettheld same kapasitet som i dag innanfor idrettsanlegg og kunstgrasbanar.
Det er også gjennomført behovsanalyse for eigedom. Denne gjeld vegar, bruer, kaiar, offentlege uteområde og kommunal bygningsmasse. Totalt er det estimert eit behov for 490 millionar kroner for å sikra god verdibevaring i kommunal bygningsmasse.
Ap, INP, MDG, Raudt, Sp og SV føreslo eit tilleggspunkt om å be kommunedirektøren å talfesta dei økonomiske konsekvensane av å utsetja dei største prosjekta for rehabilitering av skulebygg, og i staden vidareføra drifta av dei aktuelle skulane i eigna mellombelse bygg fram til den økonomiske situasjonen i kommunen betrar seg. Forslaget fekk 16 røyster og fall.
Sikra vidare drift av Gründerparken vest
Kommunestyret vedtok alternativ to for drift av Gründerparken vest frå januar 2026. Dette alternativet inneber drop-in fasilitetar på om lag 30 kvadratmeter til fleksibel bruk, men utan fellesareal. Årleg kostnad med dette alternativ er 780 tusen kroner. I dag støttar Øygarden kommune Gründerparken med 1,5 millionar kroner. Etter evaluering, har kommunedirektøren vurdert tre alternativ.
Programmet «ØyStart» vert utarbeidd og implementert som hovudtilbod for målgruppa. Det skal gjennomførast evaluering etter eitt år og ny vurdering innan 30. september 2027. Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå nødvendige avtalar og utarbeida detaljert budsjett for valt alternativ.
Ber om handlingsplan
Kommunestyret slutta seg til innstillinga frå kontrollutvalet og ber kommunedirektøren om å utarbeida ein handlingsplan knytt til trygt og godt skulemiljø. Bakgrunnen for dette er ein forvaltningsrevisjon som vart presentert på møtet i kontrollutvalet den 27. mai.
Deloitte har i denne forvaltningsrevisjonen nytta dokumentanalyse, intervju og stikkprøvegjennomgang av saker der ein elev ikkje har hatt det trygt og godt på skulen.
Undersøkinga viser at Øygarden kommune er i ferd med å etablera eit fagmiljø sentralt i kommunen som kan hjelpa skulane i systemarbeid og i enkeltsaker og at det er sett i verk fleire førebyggjande tiltak lokalt ved skulane. Vidare viser undersøkinga at dei tilsette ved skulane opplever å vera kjende med aktivitetsplikta. Når det gjeld handtering av enkeltsaker der elevar ikkje har det trygt og godt, viser undersøkinga at dei fleste aktivitetsplanane revisjonen har kontrollert, oppfyller minstekrava for denne type plan i opplæringslova.
Kommunestyret tok forvaltningsrevisjon av trygt og godt skulemiljø i Øygarden kommune til etterretning. Etter framlegg frå Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, PP og Venstre vart eitt av punkta i tilrådinga endra. Her kan du lesa heile vedtaket. (PDF, 97 kB)
Slutta seg til handlingsplan for Miljøløftet
Kommunestyret slutta seg til handlingsprogrammet for 2026-2029 for Miljøløftet slik det låg føre.
Handlingsprogrammet viser at prosjekt i Øygarden kommune, finansiert av investeringsmidlar i perioden 2026 - 2029, ligg inne med 437,6 millionar kroner. I tillegg kjem fylkeskommunalt bidrag på 57,6 millionar kroner for prosjektering og meirverdiavgift for dei tre prosjekta som gjeld fylkesveg. For belønningsmidlar har kommunen i handlingsprogrammet inne prosjekt for omlag 2,3 millionar kroner.
Etter framlegg frå H, FrP, KrF, PP, Sotralista-TVØ vart det samrøystes vedteke eit tillegg som skal vera eit innspel til det vidare arbeidet om sykkelveg. Administrasjonen vert beden om å gå i dialog med Bergen kommune om moglegheitsstudie om å knyta sykkelveg mot Bergen når Sotrasambandet er ferdig.
Elizabeth Toft Erichsen (V) ønskjer å få vurdert korleis sykkelveg mot Bergen kan koplast mot Sotrasambandet når prosjektet er ferdig.Skal vera ein aktiv bidragsytar for å oppnå merket «Berekraftig reisemål»
Øygarden kommune skal vera ein aktiv bidragsytar for å oppnå merket Berekraftig reisemål. Kommunestyret vedtok «Strategisk vegkart for reiseliv i bergensregionen». Kommunen skal gjennom arbeidet prioritera tiltak som:
- Fremjar heilårsturisme og lokal verdiskaping
- Styrkjer Øygarden som berekraftig reisemål
- Bidreg til god infrastruktur og tilgjenge for besøkande
- Ivaretek lokalsamfunnet sine interesser og livskvalitet
Eigedomsarbeid
Kommunestyret sluttar seg til tilrådinga frå plan og miljøutvalet om at gjennomføringsmodellen for eigedomsarbeid er at hovuddelen vert gjennomført i eigenregi som i dag. Eigedomsdrifta held førebels fram som skissert i saka. Det vert lagt til grunn og forventa at administrasjonen tek ut potensialet gjennom å optimalisera balansen mellom bruk av rammeavtalar og eigne ressursar. Administrasjonen skal innhenta aktuell og relevant erfaring frå andre kommunar til grunnlag og vurdering i saka. Administrasjonen skal gje ei oppdatering i saka til Plan- og miljøutvalet i løpet av hausten 2025.
Legg overordna risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) ut på høyring
Det vart vedteke å leggja overordna ROS-analyse for Øygarden kommune 2025 ut på høyring. Analysen dannar grunnlaget for det vidare arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kommunen. Ein ROS-analyse er ei systematisk gjennomgåing av det geografiske området i kommunen og verksemd med sikte på å kartleggja, avdekka, unngå, redusera og handtera risiko og sårbarheiter. Høyringsfristen vert sett til 31. august 2025.
Endrar forskrift om godtgjersle for politikarar
I saka “Kortsiktige innsparingstiltak - budsjett 2025” vedtok kommunestyret 27. mars, at den politiske verksemda skal spara inn 1 million kroner i 2025.I tillegg har det etter kvart meldt seg fleire punkt i forskrifta som kan slå urimeleg ut, og som no er tydeleggjorte.
Kommunestyret vedtok fleire endringar i “Forskrift om økonomiske vilkår og velferdsgode, Øygarden kommune”.
Endrar reglementa for medverknadsorgana
Det vart vedteke å endra reglementa for medverknadsråda slik at representantar frå råda får utvida retten til talerett i andre politiske organ.
Det er leiar eller nestleiar i medverksorgana som kan få ordet i andre organ.
Andre saker
- Finansrapport per 31.03.2025 vart teken til orientering slik han låg føre.
- Rekneskapen og årsmelding 2024 for Øygarden kommune og for Øygarden bustadforvaltning KF, vart godkjende slik dei låg føre.
- Kommunestyret vedtok rebudsjettering av investeringar frå 2024 til 2025 finansiert med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon slik det går fram av vedlegg til saka.
- Kommunestyret slutta seg til høyringsuttale til endringar i budsjett- og rekneskapsforskrifta og i sjølvkostforskrifta slik kommunedirektøren hadde tilrådd.
- Det vart vedteke å avvikla det eksisterande klageutvalet med verknad frå 19. juni 2025 og at frå same dato tek formannskapet over ansvaret for behandling av klager på enkeltvedtak fatta av kommuneadministrasjonen.
- Kommunestyret vedtok å endra reglementet for møte i folkevalde organ for å sikra at tilsette sine organisasjonar har møte- og talerett i saker som gjeld forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.
- Kommunestyret tok ikkje til følgje ei klage på plan- og miljøutvalet sitt vedtak om endring av reguleringsplan for bustader for Straume sør, Straume.
- Førebuing til anbodskonkurranse for sekretariatstenesta for kontrollutvalet.
- Nyval av medlem, varamedlem og leiar til forliksrådet .
- Fritak frå politiske verv og nyval.
- Endring av samarbeidsavtale for Vest brann- og redningsregion KO
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her er opptak frå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke