Frå venstre; Avdelingsleiar Laila Kjeilen Bach, Jenny Cuvillier, Louse Boussemart, Sandrine Empis, Louse Beøuart, kontaktlærar for 4a Kristina Sangolt og rektor Odd Erik Kjeldstad.Som ein del av eit Erasmus+-prosjekt besøkte dei fire gjestene Kolltveit skule, og i løpet av dei tre-fire dagane fekk dei god innføring i det norske skulesystemet. Pedagogane besøkte også Tranevågen ungdomsskule.
Skulen deira ligg i byen Saint Martin Boutogne på vestkysten i Nord-Frankrike. I Frankrike startar barna med førskule i treårsalderen før dei tek til på barneskulen seks år gamle. Ungdomsskulen, som også er obligatorisk, er for elevar i alderen 11 til 15 år, om lag som i Noreg. Etter grunnskulen har alle elevane tilbod om tre-årig vidaregåande skule. I Frankrike er det både offentlege og private skular. Dei fleste private skulane er katolske.
Møtte elevane
Gjestene var særleg opptekne av tilrettelagd undervisning. På Kolltveit skule besøkte dei mellom anna miljøbasen og fekk møta fleire av elevane der. Miljøbasen kom på plass etter ombygginga på skulen i 2023. Miljøbasen er ein pedagogisk arena for dei som i periodar har behov for meir praktisk og individuell tilrettelegging i kvardagen.
- Elevane i miljøbasen ville gjerne snakka med oss. Dei viste oss rundt og fortalde om korleis dei hadde det i denne basen. Elevane gav oss teikningar og skreiv ein vakker tekst til oss, seier Louise Bèøuart.
- Men vi er også interesserte i å få kunnskap om undervisninga til dei andre elevane, seier Jenny Cuvìllìer.
Gjestene frå Frankrike fekk teikning og helsing frå elevane på miljøbasen.Pedagogane meiner at det er meir ressursar og betre økonomi i den norske skulen enn i Frankrike.
- Også vi har tilrettelagt undervisning for dei som treng ekstra hjelp, men det er ikkje sett av mykje pengar til dette. Vi har til dømes ikkje særleg tilgang til materiale og utstyr til denne typen undervisning. Døme på aktivitetar vi har er matlaging og arbeid med møblar, seier dei.
Dei fortel at også i Frankrike legg ein meir vekt på integrering enn tidlegare. Dei elevane som treng svært mykje oppfølging og har heilt spesielle behov er gjerne på institusjon.
Pedagogane besøkte ein klasse som hadde teiknspråkundervisning.Rektor på Kolltveit skule, Odd-Erik Kjeldstad, seier at gjestene særleg ville sjå korleis vi organiserer spesialundervisninga. Det gjeld særleg modellar for alternative opplæringsarenaer i grunnskulen.
- Dei ville også besøka ein ungdomsskule. Difor kontakta vi rektor på Tranevågen ungdomsskule som var positiv til eit slikt besøk, seier rektoren.
Båttur
På Tranevågen vart gjestene mellom anna kjende med valfaget kystliv. For tida arbeider elevane i dette valfaget med ein oselvar i naustet til Fjell Kystlag. Dei har nyleg også fått ein strandebarmar til kaien ved naustet som dei også skal jobba med. Elevane viste fram denne båten på Torgdagen i slutten av mai.
- Elevane viste oss korleis dei jobbar med båtane. Vi fekk også vera med på ein liten tur med den eine båten, seier gjestene frå Frankrike som opplevde flotte dagar i Øygarden.
Bak frå venstre; Louse Beøuart og Jenny Cuvillier. Framme frå venstre; Luice Boussemart og Sandrine Empis.På Kolltveit skule var gjestene innom klasserom med ulik grad av tilrettelegging for elevar med særskilte behov, og det var særleg slike tiltak desse pedagogane var interesserte i å få med seg under besøket på Kolltveit skule. Pedagogane deltok også på eit fellesmøte med lærarane der dei delte erfaringar med kvarandre frå begge land om spesialundervisning og organisering.
- Leiinga på Kolltveit opplevde besøket som både lærerikt og nyttig. Lærarane frå Frankrike var svært interesserte og engasjerte og har formidla til oss at dei sit att med mange inntrykk og god erfaring frå skulebesøket her i Øygarden som dei kan ta med seg heim til skulen sin i Lille, seier rektor Odd Erik Kjeldstad.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kristina Sangolt, Marie Bugge Wagenius og Vigleik Brekke