Går ofte på tur her

Tor Waardal frå Godvik var ein av dei som kom innom Larslibua då det var invitert til dagsturhyttetreff på laurdag. Dette var eitt av fleire arrangement for å markera at no er den nye kommunen passert fem år.

Det var nok pølser til alle.. Det var nok pølser til alle... Frå venstre; Julie Berge Westlye, Tom Georg Indrevik, Tor Waardal og Anita Garlid Johannessen. - Klikk for stort bileteDet var nok pølser til alle... Frå venstre; Julie Berge Westlye, Tom Georg Indrevik, Tor Waardal og Anita Garlid Johannessen.

Ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Anita Garlid Johannessen og kulturminne- og friluftsrådgjevar Julie Berge Westlye sytte for at det vart pølser, brød, lompe og saft til dei som kom innom.

Det var ikkje stor tilstrøyming, men det var god stemning blant dei som besøkte hytta denne dagen.

- Det er viktig at vi har eit slikt tilbod som dette. Dette er eit fint turterreng, og Larslibua er eit flott turmål og godt lagt til rette for dei som har barnevogn og dei som brukar rullestol, seier ordføraren.

Tor Waardal var på tur saman med kona og tre barnebarn.

- Vi parkerer ved Foldnes kyrkje og går ofte på tur i dette området, seier han.

Denne dagen var også ei markering av at det no er montert ein stor fin grill ved dagsturhytta. Markeringa var også ein del av arrangementa knytt til at 2025 er Friluftslivets år.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Frå dagsturhyttetreffet - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke