
Vi jobbar for å gje deg betre tenester og lanserer no ein ny og betre app som heiter ØyVAR. Du må lasta han ned før du dreg til Midtstegen gjenbruksstasjon. For å sleppa inn må du først registrera deg i appen og få ein QR-kode. Denne QR-koden bruker du til å opna bommen på Midtstegen gjenbruksstasjon.
Slik gjer du det:
- Last ned ØyVAR-appen frå App Store eller Google Play.
- Logg inn med BankID.
- Det er eigaren av eigedomen som må registrera seg først og få QR-koden.
- QR-koden kan deretter delast med andre i husstanden eller med leigetakarar.
Funksjonar i appen
- Tilgang til gjenbruksstasjonen
- Varsel om eventuelle endringar i bosstømminga om noko uventa skulle skje.
- Tømmekalender med varsel om henting.
- Oversikt over returpunkt i Øygarden.
- Rettleiing om sortering.
ØyVAR-appen erstattar appen “Min Renovasjon”, som ikkje lenger vil bli oppdatert. Du kan derfor sletta “Min Renovasjon”-appen.
Rett pris for alle
Det er fleire årsaker til at vi no har laga ein ny og betre app. Ei av dei er å sikra at alle betaler rett pris på gjenbruksstasjonen.
– ØyVAR har to ulike prismodellar for levering av avfall. Abonnentar i bustader og hytter betaler redusert pris, som vert subsidiert gjennom renovasjonsavgifta. Bedrifts- og næringskundar, samt kundar frå andre kommunar, skal betala full pris, forklarar fagsjef for renovasjon i ØyVAR, Espen Elstad.
Inntil no har det vore vanskeleg å skilja mellom bedriftskundar som kjem i privatbil, kundar frå andre kommunar og privatkundar som kjem i firmabil. Den nye ordninga sikrar at abonnentane ikkje dekker kostnadane for andre.
– Med ØyVAR-appen kan vi sikra at privatkundar ikkje betaler for avfallet til gratispassasjerar eller næringskundar. Det er ei rettferdig løysing for alle, seier Elstad.
Vi jobbar med å skapa endå betre tenester og gjera kvardagen enklare for deg. Det vil derfor komma endå fleire funksjonar i appen etter kvart. Når den nye gjenbruksstasjonen på Straume opnar i 2026, blir betalinga heilautomatisert – og då er det ØyVAR-appen du skal bruka.
Alternativ for dei utan app
Om du ikkje ønskjer å bruka appen eller synest det er vanskeleg, kan du kjøpa eit kundekort med brikke på gjenbruksstasjonen.
Dette kostar 250 kroner. Mister du kortet, må du hugsa å sperra det for å hindra misbruk.
Last ned ØyVAR-appen i dag, slik at du er klar for neste besøk på gjenbruksstasjonen.