CO2 vert frakta med skip til anlegget i Øygarden.I ei pressemelding skriv regjeringa at Noreg med dette tek historiske steg i klimakampen når verdas første fullskala verdikjede for fangst og lagring no vert sett i drift. Langskip-prosjektet er ein milepåle for utsleppskutt i industrien, både i Noreg og internasjonalt.
Ordførar Tom Georg Indrevik har gleda av å vera med på markeringa desse to dagane.
- Dette er historisk. I Øygarden får vi vera ein viktig del av Langskip-prosjektet. Den første leveransen av CO₂ er allereie på plass. Dette er vårt bidrag for å nå målet i Paris-avtalen. Gratulerer til alle som har vore ein del av dette viktige bidraget, seier ordføraren.
Olje- og energiministeren seier at Langskip viser at det er mogeleg å kutta utslepp frå industri og avfall på ein trygg og effektiv måte.
- Dette er eit teknologisk gjennombrot og ein milepåle i klimaarbeidet i Noreg. Vi har bygd ein komplett verdikjede for CO₂-handteringa som vil få stor betydning langt utover våre eigne grenser, seier energiminister Terje Aasland.
Ordførar Tom Georg Indrevik deltek på markeringane på vegner av kommunen.Prosjektet omfattar CO₂-fangst ved Heidelberg Materials’ sementfabrikk i Brevik og det planlagte anlegget ved Hafslund Celsios avfallsforbrenningsanlegg i Oslo. CO₂ vert frakta med skip og lagra trygt 2 600 meter under havbotnen ved Ljøsøyna i regi av Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, Shell og TotalEnergies.
CO₂ er no lasta over på lagertankar. Injeksjonen i dei undersjøiske reservoara startar etter planen i august.
Les pressemelding frå regjeringa her.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat