
Toftøy skule vann Mattemaraton 2025
Fredag 13. juni blei Toftøy skule heidra som vinnar av Mattemaraton 2025. Vandrepokalen som er gitt av Nansensenteret blei delt ut av skulesjef Rune Golf til elevrådet. Samtlege elevar på Toftøy har komme i mål både i matteløypene sine og i å ha fullført aktivitet som svarar til eit maraton.
Les meir her.
Tilrår å redusera omfanget av mellombels forbod
Formannskapet tilrår at mellombels forbod langs trasé for Vestprosess på Harkestad og i Svanevågen vert oppheva. Det vert vidare tilrådd at det vert vedteke eit nytt mellombels forbod mot tiltak langs delar av røyrtraseen til Vestprosess, Troll kondensat og Oseberg transportsystem. Equinor har i 2024/2025 gjennomført arbeid med revisjon av risikoanalysar for alle petroleumsrøyrleidningar på land i Noreg.
Les meir.
Velkomen til dagsturhyttetreff på Larslibua!
Øygarden kommune har passert fem år, og dette vert mellom anna markert med tur til Larslibua laurdag 14. juni.
- Vi kombinerer Friluftslivets år med jubileumstur til Larslibua, seier ordførar Tom Georg Indrevik. Dette er eitt av fleire arrangement knytt til at det no er gått fem år sidan den nye kommunen vart ein realitet.
Les meir.
Samhandling er avgjerande
Beredskapsrådet i Øygarden var samla til møte onsdag denne veka.
- Samarbeid og koordinering er kjempeviktig, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han ønskte deltakarane velkomen. Beredskapsrådet er eit rådgjevande organ som er samansett av deltakarar frå fleire kommunale aktørar og selskap, naudetatar, Forsvaret, Sivilforsvaret, kyrkja og fleire frivillige organisasjonar.
Les meir.
- Dette vil vi ha
Det var fest i kultursalen på rådhuset på Straume då Treff+ feira 10-årsjubileum på torsdag.
- Jo lengre vest du kjem frå, desto flinkare er dei til å syngja, påstod den ivrige deltakaren på Allsong+, Johnny Eide, då han gratulerte med dagen. Etter mange vakre ord frå talarane, var det konsert og allsong ved Roy Vorland og Inge Glesnes.
Les meir.
Spørjeundersøking om småbåthamner
For å få meir informasjon om tilgang og bruk av småbåthamner i Øygarden ønskjer vi at etablerte båtlag og marinaer svarar på ei undersøking. Vi ønskjer også tilbakemelding frå deg som eig eit område som i arealdelen eller i ein reguleringsplan er sett av til etablering av ny småbåthamn.
Sommarferieaktivitetar for barn og unge
Her finn du oversikt over ulike sommarferieaktivitetar for barn og unge i Øygarden. Aktivitetane er støtta av Øygarden kommune og tilskotsmidlar frå Bufdir.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (24)
- 09.06.: Fri
- 10.06.: Formannskapsmøte
- 11.06.: Bredskapsråd
Møte med Statsforvaltaren - 12.-13.06.: EØS/ EFTA – Brussel
- 14.06.: Dagsturhyttetreff på Larslibua
- 15.06.: Sentralstyremøte Høgre, Oslo
Ordføraren neste veke (25)
- 16.06.: Interne møte
Besøk Northern Light – Sveitiske Energiminster
Møte med Telavåg Seafood - 17.06.-18.06.: Opning av Langskip CCS Prosjekt – Oslo
- 19.06.: Kommunestyremøte
- 20.06.: KS- Hovudstyre Oslo
- 21.06.: Tre vigslar
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (24)
- 10.06.: Formannskapsmøte
Gamlehaugen, Mordet på Michelsen - 11.06.: Beredskapsråd
Norske petroleumskommunar (NPK), Austrheim