- Dette vil vi ha

Det var fest i kultursalen på rådhuset på Straume då Treff+ feira 10-årsjubileum på torsdag.
- Jo lengre vest du kjem frå, desto flinkare er dei til å syngja, påstod den ivrige deltakaren på Allsong, Johnny Eide, då han gratulerte med dagen. 

Nokre av aktørane på jubilesamlinga. Frå venstre; Gunhild Ebbesen, Johnny Breivik, Unni Sørensen og Bjørn Rathem. - Klikk for stort bileteNokre av aktørane på jubileumssamlinga. Frå venstre; Gunhild Ebbesen, Johnny Breivik, Unni Sørensen og Bjørn Rathem.

Etter mange vakre ord frå talarane, var det konsert og allsong ved Roy Vorland og Inge Glesnes. Festen vart leia stødig av Unni Sørensen som er kontaktperson for Øygarden kommune i styret for Treff+.

Treff+ er eit ope kultur- og handletilbod for yngre og eldre seniorar. Viktige aktivitetar er Allsong og Demenskoret. Det har også vore tilbod om datakurs og moteshow. Etter Allsong har deltakarane fått heimelaga mat frå elevbedrift Øyna på Sotra vidaregåande skule. 

Initiativet til Treff+ vart teke av Fjell kommune og knytt opp mot prosjektet «Sjef i eige liv» der tidlegare rådmann Svein Fjelland, omsorgssjef Line Barmen og Janne Mo var sentrale aktørar. Berit Anita Knudtsen Larsen, som har vore styreleiar i alle dei 10 åra, var forhindra i å vera til stades på jubileet.

Senterdirektør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, sa at arbeidet med å planleggja tilbodet starta i 2013/2014. I 2015 var det offisiell opning av Treff+. 

- Det starta med at Treff+ skulle vera eit handletilbod. Dei siste åra har det særleg handla om Allsong og Demenskoret. Dette er ein levedyktig organisasjon, sa Skålnes.

Frå salen - Klikk for stort bileteMange ville ha med seg jubileumsmarkeringa

Kjempejobb

Gunhild Ebbesen er pårørande til ein av medlemene i Demenskoret. Ho bur i Danmark, men oppdaga demenskoret i Øygarden for to år sidan.

- Dette koret gjer ein kjempejobb. Det er ikkje krav om oppmøte kvar gong. Mor bur på Kvednatunet, men ho vert henta kvar gong det er øving. Ho storkosar seg på koret. Eg vil retta ei stor takk til alle som stiller opp for Demenskoret. Den største ulempa er sommarferien. Då saknar vi Demenskoret, sa ho.

Johnny Eide er hekta på Allsong og møter opp så ofte han kan. 

- Dette tilbodet er ein suksess. Det er eit sosialt tiltak som har flotte lokale. Her kjem allsidige artistar frå området vårt. Etter at songen forsvann frå skulen, er det viktig å få syngja i lag. Dette er eit lågterskeltilbod som for all del må halda fram, sa han.

Inge Glesnes og Roy Vorland  - Klikk for stort bileteInge Glesnes og Roy Vorland

Hovudsponsorar til Treff+ er Veidekke, Sartor Holding og Sartor Storsenter. Generalsponsor i 2025 er Sparebanken Norge. Banken var på plass ved banksjef Camilla Nygård og seniorrådgjevar Rune Straume .

- Det er utruleg kjekt at det samlast så mykje folk, og det er kjekt å få støtta dette prosjektet. Det betyr mykje for oss å gje tilbake noko til samfunnet.

Rune Straume sa at Treff+ har vakse opp til ein flott organisasjon.

- Eg fekk bakoversveis då eg kom inn i kinosalen der alle skulle syngja. De har til dei grader treft spikaren på hovudet, sa han.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Johnny Eide - Klikk for stort bilete
Thomas Skålnes - Klikk for stort bilete
Inge Glesnes - Klikk for stort bilete
Gunhild Ebbesen - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Unni Sørensen, Camilla Nygård og Rune Straume - Klikk for stort bilete

 

Tekst og bilete: Vigleik Brekke