Frå overrekkinga av vandrepokalen på fredag.Skulesjef Rune Golf er imponert over innsatsen til alle som deltok på skulane i Øygarden.
- 2,4 millionar løyste matteoppgåver er ein imponerande rekord, seier han.
Mattemaraton er Norges største mattekonkurranse for 1. - 10.trinn. Konkurransen går føre seg i mai kvart år, og har og intensjon å skapa fysisk aktivitet. Elevane må fullføra ei matteløype og gjennomføra eit maraton for å fullføra konkurransen.
I Øygarden kommune har dei fleste skulane vore engasjert i konkurransen. I heile åtte av skulane våre har alle elevane fullført både ei matteløype og fullført aktivitet tilsvarande ein maraton. Totalt sett har meir enn 4 000 elevar i Øygarden delteke, dei har løyst meir enn 2,4 millionar matteoppgåver og bevega seg meir 500 000 kilometer totalt. Dette er ny rekord.
Aller best denne gongen var Toftøy skule, som gjennomførte 7,5 maratonløyper og 1727,5 oppgåver pr. elev. Det er imponerande. Spildepollen skule og Tjeldstø skule følgde på dei neste plassane i Øygarden kommune.

Fredag 13. juni var skulesjef Rune Golf på Toftøy skule for å dela ut prisen for beste skule i Øygarden kommune. Vandrepokalen som Nansensenteret har gitt til Øygarden kommune blei utdelt til elevrådet, i tillegg ventar is til alle elevane for meisterleg innsats i konkurransen. Elevane hadde all grunn til å vera stolte av sin eigen bragd.
- At heile skulen engasjerer seg i ein felles konkurranse som Mattemaraton og presterer så bra er verkeleg imponerande. Ikkje berre får ein styrka matematikkdugleikane og fysisk helse, men gjennom konkurransen får skulen ei sterk lagkjensle der alle løfter kvarandre. Det er minst like verdifullt, seier skulesjef Rune Golf.
Det er første året at det har blitt utdelt ein pokal til vinnaren. Nansensenteret meinte at denne konkurransen var midt i deira gate, og dei ville svært gjerne bidra til å heidra innsats som stimulerer til interesse for realfag og fysisk aktivitet. Vandrepokalen vil gå vidare til neste års vinnar av Mattemaraton.
- Det er berre å leggja seg i selen, og gjera seg klar for ein ny runde med Mattemaraton i 2026. Her er det mange skular som gjerne vil ta pokalen heim, seier skulesjefen.
Foto: Elisabeth Strandtun