Frå panelsamtalen. Frå venstre kommunedirektør Johnny Breivik, politiførstebetjent Øystein Nordstrand, beredskapssjef Geir Knarvik Fjeldstad, redaktør Leif-Kjartan Bjørsvik og contingency manager CCB Daniel Ayala Høydal.Beredskapsrådet er eit rådgjevande organ som er samansett av deltakarar frå fleire kommunale aktørar og selskap, naudetatar, Forsvaret, Sivilforsvaret, kyrkja og fleire frivillige organisasjonar. Rådet er samla til møte to gonger i året.
På nasjonalt plan har Stortinget denne våren vedteke Totalberedskapsmeldinga. Der vert det synleggjort korleis Noreg skal førebu seg på samansette truslar og styrkja den sivile motstandskrafta i samfunnet.
Lokalt vert det også arbeidt med beredskap. Ordføraren viste mellom anna til at kommunen no skal senda ut overordna ROS-analyse til høyring (Risiko- og sårbarheitsanalyse).
- Vi skal jobba oss saman og skapa grunnlag for eit trygt samfunn, sa Tom Georg Indrevik.
25 personar var samla til møte i beredskapsrådet. På talarstolen; Espen RasmussenHSE Manager i Sotra Link, Arve Torgauten, orienterte om status for Sotrasambandet og dei beredskapsmessige utfordringane for eit slikt storprosjekt. Mellom 1 000 og 1 200 personar er i arbeid på prosjektet og er no fordelt på 11 anleggsområde.
- Beredskapsmessige hendingar er trafikkomleggingar, strukturelle kollaps og store arbeidsulukker. Elles har vi generelle hendingar som stein og utstyr i vegbana som hindrar trafikkflyten, sa Torgauten.
Felles interesse for å gje informasjon
Redaktør i Vestnytt og Askøyværingen, Leif-Kjartan Bjørsvik, minna forsamlinga om kor viktig det er å ha ei avklart rolleforståing av oppgåva til media og dei ulike aktørane i beredskapsarbeidet.
- Det er felles interesse for å gje informasjon i kriser. Men for vår del er det også viktig å ha kritisk oppfølging. Våre utfordringar er at folk ikkje veit kva redaktørstyrte medium er. Det er også ei manglande forståing for den rolla avisa vår har. Økonomi er også ei utfordring for oss, sa redaktøren.
Redaktør Leif-Kjartan BjørsvikKommunedirektør Johnny Breivik og beredskapssjef Geir Knarvik Fjeldstad orienterte om beredskapsarbeidet til kommunen.
Johnny Breivik viste til samfunnsdelen til kommuneplanen som seier at Øygarden kommune skal arbeida kontinuerleg med samfunnstryggleik og beredskap og førebyggja uønskte hendingar basert på risiko og sårbarheitsanalysar.
- Øygarden kommune er ein attraktiv kommune for lokale, regionale og internasjonale etablerarar. Vi har ei lang historie for industri nord i kommunen, og vi har samfunnskritisk infrastruktur. Samfunnstryggleik er ein del av planverket, sa kommunedirektøren.
Øygarden kommune er saman med Askøy kommune i politirådet. Kommunen får oppdatering frå sentrale styresmakter kvar veke. Andre samarbeidsorgan innan beredskap er Vest brann og redningsregion og IUA Bergen region (IUA: Interkommunalt utval mot akutt forureining).
Ordførar Tom Georg IndrevikROS-analyse
Beredskapssjef Geir Knarvik Fjeldstad orienterte om arbeidet med ny overordna ROS-analyse som no skal ut på høyring. I denne analysen er det lista opp aktuelle hendingar sortert etter seks risikoområde; helse, naturhendingar, kritiske samfunnsfunksjonar, kritisk infrastruktur, storulukker og tilsikta hendingar.
Kommandør og nestkommanderande i Marinen, Espen Rasmussen, gav innblikk i dagens trusselbilete. Han sa mellom anna at vestlege samfunn er sårbare for angrep. Ein av grunnane til dette er at våre samfunn er opne.
Samlinga vart avslutta med panelsamtale.
Tekst og foto: Vigleik Brekke