Velkomen til dagsturhyttetreff på Larslibua!

Øygarden kommune har passert fem år, og dette vert mellom anna markert med tur til Larslibua laurdag 14. juni.
- Vi kombinerer Friluftslivets år med jubileumstur til Larslibua, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Ill.bilete

Dette er eitt av fleire arrangement knytt til at det no er gått fem år sidan den nye kommunen vart ein realitet. 

- Møt opp ved parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje klokka 11.00. Så går vi samla fram til Larslibua. Ta gjerne med niste, seier ordføraren.

Denne dagsturhytta ligg slik til at det er lett å koma seg fram både for dei som har barnevogn eller brukar rullestol. Det er grusveg heilt fram til hytta. Det tek ein knapp halvtime kvar veg til Larslibua.

Her er meir detaljar om hytta.