Andreas Kallekleiv (H) gav ros til kommunedirektøren i saka om mellombels forbod om tiltak.Formannskapet var samla til møte tysdag.
I mars 2022 vedtok kommunestyret mellombels forbod mot tiltak for trasé langs Vestprosess røyrleidning etter at Gassco hadde frårådd ytterlegare fortetting av bustadar innanfor 210 meter frå midtlinja til røyret til kvar side av Vestprosessrøyret.
Equinor har i 2024/2025 gjennomført arbeid med revisjon av risikoanalysar for alle petroleumsrøyrleidningar på land i Noreg. Dette inkluderer fem røyrleidningar på land i Øygarden. I saka vurderer kommunedirektøren det slik at dei reviderte analysane gjev grunnlag for å oppheva mellombels forbod mot tiltak langs Vestprosess røyrleidning og erstatta det med eit avgrensa mellombels forbod mot tiltak med grunnlag i dei reviderte risikoanalysane.
Kommunestyret avgjer saka 19. juni.
Store investeringsbehov
Det er utarbeidd behovsanalysar for helse og velferd, idrett, kultur og fysisk aktivitet og eigedom.
Formannskapet tilrår å leggja vedlagde behovsanalysar til grunn for vidare arbeid med budsjett- og økonomiplan.
Behovsanalysen for helse og velferd, med langsiktig skisse til å møta kapasitetsutfordring fram mot 2039, vert lagt til grunn for framtidig planlegging. Dette vil oppheva tidlegare vedtak knytt til kapasitet i helse- og omsorgsbygg i gjennomføringsplan for framtidige helse- og velferdstenester (2021) og Bustadsosial temaplan (2023). Andre strategiske grep og ambisjonar i planane ligg fast.
I tilrådinga heiter det vidare at ein ber kommunedirektøren vurdera fleire grep som reduserer det samla investeringsbehovet framover, og komma tilbake med revisjon av Øygarden 2040 hausten i gjeldande år.
Behovsanalysen for helse og velferd viser eit samla behov for over 300 nye heildøgns omsorgsplassar fram mot 2040. Investeringsbehovet er totalt estimert til 1,8 milliardar kroner fram mot 2039, med hovudtyngda på ny sjukeheim, oppgradering av eksisterande bygg og etablering av nye omsorgsbustadar tilrettelagt for heildøgns tenester.
Behovsanalysen for kultur, idrett og fysisk aktivitet viser at kommunen har eit relativt stort omfang av anlegg i kommunen, som samla sett dekker behovet ut frå innbyggjartalet. Analysen viser til eit samla investeringsbehov på om lag 215 millionar fram mot 2040 for å sikra at vi opprettheld same kapasitet som i dag innanfor idrettsanlegg og kunstgrasbanar.
Det er også gjennomført behovsanalyse for eigedom. Dette gjeld vegar, bruer, kaiar, offentlege uteområde og kommunal bygningsmasse. Totalt er det estimert eit behov for 490 millionar kroner for å sikra god verdibevaring i kommunal bygningsmasse.
Saka går til kommunestyret for endeleg avgjerd.
Vidare drift av Gründerparken vest
Formannskapet tilrår alternativ to for drift av Gründerparken vest frå januar 2026. Dette alternativet inneber drop-in fasilitetar på om lag 30 kvadratmeter til fleksibel bruk, men utan fellesareal. Årleg kostnad med dette alternativet er 780 tusen kroner. I dag støttar Øygarden kommune gründerparken med 1,5 millionar kroner. Etter evaluering har kommunedirektøren vurdert tre alternativ.
I tilrådinga heiter det at programmet «ØyStart» vert utarbeidd og implementert som hovudtilbod for målgruppa. Det skal gjennomførast evaluering etter eitt år og ny vurdering innan 30. september 2027.
Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå nødvendige avtalar og utarbeida detaljert budsjett for valt alternativ. Kommunestyret avgjer saka.
Ønskjer å vera ein aktiv bidragsytar for å oppnå merket «Berekraftig reisemål»
Formannskapet tilrår overfor kommunestyret at Øygarden kommune vert ein aktiv bidragsytar for å oppnå merket Berekraftig reisemål. Dette inneber at kommunen vedtek «Strategisk vegkart for reiseliv i bergensregionen».
Kommunen skal gjennom arbeidet prioritera tiltak som:
- Fremjar heilårsturisme og lokal verdiskaping
- Styrkjer Øygarden som berekraftig reisemål
- Bidreg til god infrastruktur og tilgjenge for besøkande
- Ivaretek lokalsamfunnet sine interesser og livskvalitet
Legg overordna risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) ut på høyring
Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å leggja overordna ROS-analyse for Øygarden kommune 2025 ut på høyring. Analysen dannar grunnlaget for det vidare arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kommunen. Ein ROS-analyse er ei systematisk gjennomgåing av det geografiske området i kommunen og verksemd med sikte på å kartleggja, avdekka, unngå, redusera og handtera risiko og sårbarheiter. Høyringsfristen vert sett til 10. august.
Reduserer gåver i samband med jubileum
Formannskapet vedtok nye retningsliner for tildeling av jubileumsgåver og representasjonsgåver slik dei låg føre. Tilskotssatsane vert reduserte noko samanlikna med satsane vedteke i 2022.
Endrar forskrift om godtgjersle for politikarar
I saka “Kortsiktige innsparingstiltak - budsjett 2025” vedtok kommunestyret 27. mars, at den politiske verksemda skal spara inn 1 million kroner i 2025.
Formannskapet følgjer innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår difor fleire endringar i “Forskrift om økonomiske vilkår og velferdsgode, Øygarden kommune”. To endringsframlegg frå Silvia Haugland (H) på vegner av Høgre, KrF, Frp og Sotralista-TØ, vart tilrådde samrøystes.
Saka går til kommunestyret for endeleg vedtak.
Tilrår å endra reglementa for medverknadsorgana
Formannskapet tilrår at reglementa for medverknadsråda vert endra slik at representantar frå rådet får utvida retten til talerett i andre politiske organ.
Eit fleirtal på sju medlemer i formannskapet (Høgre, KrF, Frp og Sotralista-TVØ) støtta eit framlegg frå Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ lagt fram av Silvia Haugland (H) der det vert presisert at det er leiar eller nestleiar i medverksorgana som kan få ordet i andre organ.
Innstillinga til kommunestyret er slik: Formannskapet tilrår å gje eldrerådet, ungdomsrådet, og råd for personar med funksjonsnedsetjing slik møte- og talerett i politiske organ i kommunen: Leiar eller nestleiar for rådet kan få ordet, for å presentera fleirtalsvedtak frå organet når det skal gjerast endeleg vedtak eller innstillast i saker som rådet har uttalt seg om. Møteleiar avgrensar tida. Reglementa for råda vert oppdaterte i tråd med dette.
Mindretalet (Ap og SV) støtta tilrådinga frå kommunedirektøren om at «ein representant for rådet» kan få ordet. Her er det altså ikkje presisert at det skal vera leiar eller nestleiar.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Andre saker
- Det vart tilrådd å ta finansrapport per 31.03.2025 til orientering slik han ligg føre. Saka går til kommunestyret.
- Det var drøfting i forkant av generalforsamling for ØyVAR AS 2024. Innspel frå formannskapet vert tekne med til generalforsamlinga i neste veke.
- Formannskapet tilrår å godkjenna rekneskapen og årsmelding 2024 for Øygarden kommune og for Øygarden bustadforvaltning KF, slik dei ligg føre. Sakene vert avgjort i kommunestyret.
- Det vart tilrådd overfor kommunestyret å vedta rebudsjettering av investeringar frå 2024 til 2025 finansiert med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon slik det går fram av vedlegg til saka.
- Formannskapet tilrådde høyringsuttale til endringar i budsjett- og rekneskapsforskrifta og i sjølvkostforskrifta slik kommunedirektøren hadde tilrådd. Kommunestyret behandlar saka 19. juni.
- Det vart tilrådd å avvikla det eksisterande klageutvalet med verknad frå 19. juni 2025 og at frå same dato tek formannskapet over ansvaret for behandling av klager på enkeltvedtak fatta av kommuneadministrasjonen. Kommunestyret avgjer saka.
- Formannskapet tilrår å endra reglementet for møte i folkevalde organ for å sikra at tilsette sine organisasjonar har møte- og talerett i saker som gjeld forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Også denne saka går til kommunestyret.
Her kan du lesa innkalling med saksutgreiing.
Tekst og foto: Vigleik Brekke