Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 16.

Viste fram eit berekraftig Øygarden

- Øygarden kommune er den leiande havkommunen i Noreg. 
Ordførar Tom Georg Indrevik var tydeleg på det då han saman med fylkesvaraordførar Stian Davies ønskte rundt 200 deltakarar velkomen til Ocean Odyssey om bord i Statsraad Lehmkuhl på torsdag. Arrangementet er ein del av One Ocean som har ei lang rekkje med samlingar denne veka der det handlar om debatt, erfaringsutveksling knytt til ei berekraftig utnytting av havet.
Les meir.

Eitt steg nærare anlegg for karbonfangst på Stura 

Denne veka vart det avklart at eit eventuelt anlegg for å fanga og lagra CO2 i regi av Equinor skal lokaliserast på Stura. Equinor vart i 2022 tildelt lisens for lagring av CO2 i det geologiske reservoaret Smeaheia under Nordsjøen. Selskapet starta planprosessar både i Øygarden og Alver før det vart gjort endeleg val kvar ein skal ha eit eventuelt anlegg for karbonfangst.
Les meir.

Stengjer eitt felt om natta på riksveg 555

Eitt av felta på riksveg 555 vert stengt om natta i fire døger i området ved Stovevatnet/Stekervika frå fredag 19. april. Det skal etablerast ei omkøyring på riksvegen, og det er i samband med etableringa av denne at eitt felt vert stengt i perioden kl. 22.00 – 05.30 frå fredag 19. april til tysdag 23. april.
Les meir. 

Elevbesøk frå Frankrike

Både skuleåret 2018/19 og skuleåret 2022/23 har Fjell ungdomsskule vore heldige og fått tildelt Trollmidlar til studietur til Frankrike. Begge gonger har vi samarbeidd med ungdomsskulen Collège Emile Zola i Sotteville-lès-Rouen.
Les meir.

Håpar fleire bedrifter vil delta på jobbmesse

Den 9. mai inviterer Øygarden kommune, NAV og Vest Næringsråd til jobbmesse for flyktningar. Kommunen prioriterer arbeidet med å få fleire flyktningar i arbeid.
Les meir.

- Utan det frivillige stoppar Noreg

Fredag ettermiddag var det atter ein gong mønstring av det frivillige arbeidet i Øygarden.
- Vi treng fleire frivillige, seier Ester Vetås i Øygarden lokallag av NFU (Norsk Forbund for utviklingshemma).
Les meir. 

Forhandlingsstart for KS-området

Måndag 15. april starta forhandlingane mellom KS og forhandlingssamanslutningane (KS: fellesorganisasjon for kommunane). Tariffoppgjeret for 2024 er eit hovudoppgjer der det skal forhandlast om ein ny toårig hovudtariffavtale. Lønsdanninga i Noreg byggjer på frontfagsmodellen som inneber at konkurranseutsett industri forhandlar først. Så langt har ein unngått streik.
Les meir.

Gjennomfører bore- og sprengingsarbeid ved Liljevatnet

I veke 17 frå måndag 22. april startar førebuande fylle- og borearbeid med omlegging av gangveg ved Liljevatnet barnehage. Det må påreknast noko støy ettersom lastebil, platevibrator og gravemaskin vert brukte for å utføra arbeidet. Arbeidet vil ta om lag fire veker og venteleg vera sluttført i veke 21. Arbeidstidene er mellom klokka 07.00 og 17.00.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (16)

  • 15.04.:  One Ocean Summit
                  Middag – One Ocean
  • 16.04.:  One Ocean-konferanse
                 Arealdebatt Kystmuseet
  • 17.04.:  One Ocean Week
  • 18.04.:  Møte med aktørar i Energiparken 
                 One Ocean tur/seminar
                 Middag Øygarden næringsutvikling 
  • 19.04.:  AU møte – Høgre 
                 Møte med NHO Reiseliv
                 Lunsj med franske elevar 
                 Opning av Frivilligdagane 
  • 20.04.:  Krafttak mot kreft
  • 21.04.: 100-årsfeiring 

Ordføraren neste veke (17)

  • 22.04.:  Interne møte 
                 Innlegg for Voss eldreråd
                  Middag i samband med Christie-Konferansen
  • 23.04.:  Innlegg på Christie-konferansen 
                 Møte i Høgre ekspertpanel om vald i nære relasjonar
  • 24.04.:  Ulike interne møte 
                 Arrangement i sentrum 
  • 25.04.:  Besøk på Bedehuskanalen 
                 Arbeidsverkstad kommunestyret 
                 Middag Frontkommunane
  • 26.04.:  Miljøløftet
                 Årsmøte Vestnorsk Brusselkontor

Varaaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (16)

  • 15.04.:  Interne møte
                 Møte i KS fylkesstyret (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
                 Kampen om havet
  • 16.04.:  One Ocean Konferansar (Grieghallen og Kystmuseet)
                 Styremøte Bustadstiftinga
                 Opning av Jula
  • 17.04.:  Generalforsamling Sambygg
                 Fellesmøte eigarstiftingar
  • 18.04.: Ocean Odyssey
                Avslutningsmiddag for Hanne Lokøy Misje
  • 19.04.-21.04.:  Landsmøte FrP

Varaordføraren neste veke (17)

  • 22.04.:  Interne møte
                 Reiser til Sogndal
  • 23.04.:  Tirsdag – klimaomstilling i Sogndal
  • 24.04.:  Klimaomstilling i Sogndal
  • 25.04.:  Eldrerådet 
                Arbeidsmøte kommunestyret
  • 26.04.:  Årsmøte vannrådeutvalget