Viste fram eit berekraftig Øygarden

- Øygarden kommune er den leiande havkommunen i Noreg. 
Ordførar Tom Georg Indrevik var tydeleg på det då han saman med fylkesvaraordførar Stian Davies ønskte rundt 200 deltakarar velkomne til Ocean Odyssey om bord i Statsraad Lehmkuhl på torsdag.

Mange med tilknyting til Øygarden deltok på Ocean Odyssey - Klikk for stort bileteMange med tilknyting til Øygarden deltok på Ocean Odyssey. Frå venstre; Børre Jacobsen, Jan-Dagfinn Lund, Hanne Misje Lokøy, Kurt Andreassen, Richard Ledang, Elin Helland-Jooste, Kjersti Nordøy, Anita Garlid Johannessen, Anders Ekanger, Kari-Anne Landro, Tom Georg Indrevik, Silvia Haugland, May Britt Hevrøy, Johnny Breivik, Elizabeth Toft Erichsen og Børge Haugetun. Ronny Haufe var ikkje til stades då biletet vart teke.

Arrangementet er ein del av One Ocean som har ei lang rekkje med samlingar denne veka der det handlar om debatt, erfaringsutveksling knytt til ei berekraftig utnytting av havet. 

Programmet om bord i det eldste skværrigga seglskipet i Noreg dreidde seg om havvind, karbonfangst og lagring og ei rekkje andre industrielle berekraftige utviklingsprosjekt knytt til havet.

Stian Davies viste mellom anna til Grøn region Vestland der målet er å skapa samarbeid mellom ulike offentlege og private aktørar for å sikra at arbeidet med grøn omstilling i Vestland kan skje både raskare, betre og enklare. Han understreka kor viktig det er å ha fokus på reint hav i framtida.

Flagget med logoen til Øygarden vaia godt i vinden på Statsraad Lehmkuhl - Klikk for stort bileteFlagget med logoen til Øygarden vaia godt saman med andre staslege flagg i vinden på Statsraad Lehmkuhl

- Vi er den kommunen

Ordførar Tom Georg Indrevik var stolt over at deltakarane fekk vera med på tur med seglskuta tur/retur Ågotnes.

-    Vi er den kommunen som lever over 20 millionar måltid med sjømat til verda kvart år og som eksporterer 40 prosent av norsk gass via prosessanlegget på Kollsnes. Vi er også den kommunen der plastkvalen vart teken på land og der det vart starta ei rørsle som har rydda plass over heile verda. Og så er vi den kommunen som har verdas første CCS-anlegg. Dette anlegget opnar til hausten, sa ordføraren og nytta høvet til å ønska den nye direktøren Tim Heijn velkomen. Heijn tek over for Børre Jacobsen som administrerande direktør for Northern Lights 1. mai.

Avtroppande administrerande direktør i Northern Lights, Børre Jacobsen, orienterte om status for Northern Lights som er ein del av Langskip-prosjektet. Etter at CO2 er frakta til Øygarden med skip, vert han mellombels lagra på anlegget i Energiparken før han vert transportert for permanent lagring i eit reservoar som ligg 2 600 meter under havbotnen.

-    Anlegget i Øygarden er 90 prosent fullført. Det første skipet som skal frakta CO2 til Øygarden vert levert i oktober/november. Sjølve operasjonen med å føra CO2 ut i røyrleidning og lagra han under havbotnen tek til i 2025. Det er inngått kommersielle kontraktar om mottak av CO2 frå Yara (Nederland) og Ørsted (Danmark), sa Jacobsen.

I fase eín er det ein kapasitet å lagra 1,5 millioner tonn CO2 per år. I fase to er det planar om å auka kapasiteten til fem- seks millionar tonn. I Øygarden er det allereie planert ut areal med tanke på kapasitetsauke. Meir enn sju tusen gjester har besøkt anlegget i Øygarden. Sundag 21. april er det open dag på anlegget til Northern Lights i Energiparken.

Franske elevar saman med ordførar Tom Georg Indrevik, Aslag Sverdrup (Innovasjon Noreg Vestland) og Hanne Misje Lokøy (Øygarden næringsutvikling KF) - Klikk for stort bileteFranske elevar saman med ordførar Tom Georg Indrevik, Aslag Sverdrup (Innovasjon Noreg Vestland) og Hanne Misje Lokøy (Øygarden næringsutvikling KF)

Må sikra industriell utvikling

Administrerande direktør i Coast Center Base (CCB), Jan-Dagfinn Lund, orienterte om utviklinga av basen på Ågotnes og dei andre lokalsjonane langs heile kysten av Noreg. Selskapet, som etablerte seg på Sotra i 1974 skal markera 50-årsjubileet seinare i år. 

Selskapet har totalt om lag 450 tilsette på dei ulike lokasjonane. CCB har om lag 1 100 kaiar, der nokre har svært gode djupnforhold. CCB har mellom anna levert fundamenta til brutårna til Sotrasambandet.

Han understreka at det er eit stort energibehov. Etterspurnaden aukar, og energi er nødvendig for å sikra industriell utvikling. 

Administrerande direktør i CCB Energy Holding, Ronny Haufe, leiar eit selskap som representerer eit breitt spekter av aktivitetar, produkt og tenester innan klimavennleg næring. Han snakka om det han skildra som nødvendig berekraftig grøn industri og nemnde hydrogenproduksjon, ammoniakk og karbonfangslagring og biogassproduksjon som døme på dette.

Gruppe deltakarar - Klikk for stort bilete

Det var også innlegg ved Oliver Seelis (Copenhagen Infrastructure Partners), Thomas Nordahl (DNB), Elin Crombie (Odfjell Oceanwind), Audun Magne Askeland (OneSubsea), Owe Hagesæther (GCE Ocean Technology) og Tone Hartvedt (Invest Bergen). Konferansier var Kai Stoltz.

Ordførar Tom Georg Indrevk nytta høvet til å takka partnarane DNB, Vestland fylke, Invest in Bergen, GCE Ocean Technology og Øygarden næringsutvikling som bidrog til å gjera dette arrangementet mogleg.

Her er fleire bilete:

Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Elevar frå Frankrike saman med ordførar Tom Georg Indrevik, Aslak Sverdrup (Innovasjon Noreg Vestland) og Hanna Misje Lokøy (Øygarden næringsutvikling KF). - Klikk for stort bilete


 Tekst og foto: Vigleik Brekke