Håpar fleire bedrifter vil delta på jobbmesse

Den 9. mai inviterer Øygarden kommune, NAV og Vest Næringsråd til jobbmesse for flyktningar. Kommunen prioriterer arbeidet med å få fleire flyktningar i arbeid.

Prosjektmedarbeidar Kirsten Syljeset inviterer bedrifter til å delta på jobbmessa 9. mai. - Klikk for stort bileteProsjektmedarbeidar Kirsten Syljeset inviterer bedrifter til å delta på jobbmessa 9. mai.

Prosjektmedarbeidar Ukraina, Kirsten Syljeset, arbeider nå aktivt mot bedrifter som kan presentera seg på jobbmessa og kva arbeidskraft dei har behov for.

- Vi har god dialog med Vest Næringsråd, og medlemene der er oppmoda om å presentera seg på jobbmessa. Men treng fleire bedrifter som stiller opp og dermed bidreg til å gje eit breiast mogleg tilbod om jobb til flyktningane, seier Syljeset som håpar at minst 10 bedrifter vert med på jobbmessa.

Målet med jobbmessa er å presentera aktuelle ledige jobboppdrag som kan passa for flyktningane. Også ordførar Tom Georg Indrevik håpar på god oppslutnad både frå bedriftene.

- Eg veit at det er mange flyktningar som er godt kvalifiserte til jobbar her lokalt. Det er ein vinn-vinn-situasjon dersom bedrifter klarer å skaffa arbeidskraft og flyktningane kjem i jobb, seier ordføraren.

Les meir på nettsida til Vest Næringsråd.

Bedrifter kan ta kontakt med prosjektmedarbeidar Kirsten Syljeset på telefon 900 23 332 eller senda e-post til Kirsten.Syljeset@oygarden.kommune.no


Tekst og foto: Vigleik Brekke