- Utan det frivillige stoppar Noreg

Fredag ettermiddag var det atter ein gong mønstring av det frivillige arbeidet i Øygarden.
- Vi treng fleire frivillige, seier Esther Vetås i Øygarden lokallag av NFU (Norsk Forbund for utviklingshemma).
 

Esther Vetås og Emma Hermine Vetås - Klikk for stort bileteEsther Vetås og Emma Hermine Vetås

Det var ordførar Tom Georg Indrevik som stod for den offisielle opninga av frivilligdagane i Øygarden 2024 midt i den travle handletida på Sartor Storsenter.

- Desse dagane bidreg til at dei ulike laga og organisasjonane vert merksame på kvarandre og at dei ser at dei kan supplera kvarande. Desse dagane minner oss også om at dersom du har lyst å vera med på noko frivillig eller å vera med på endå meir frivillig arbeid, så kan du går rundt her og verta inspirert. I Øygarden har vi eit spekter av frivillig aktivitet for gamle og unge. Tusen takk til Sartor Storsenter og kulturavdelinga som har fått dette til. Og hugs; utan det frivillige stoppar Noreg, sa ordføraren.

Ordførar Tom Georg Indrevik stod for den offisielle opninga av frivilligdagane. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik stod for den offisielle opninga av frivilligdagane.

Treng fleire medlemer

Esther Vetås er med i lokallaget for NFU i Øygarden. NFU er godt organisert rundt om i landet og har om lag 8 500 medlemer i ei rekkje lokallag på kommunenivå og fylkesnivå.

- Vi ønskjer fleire medlemer. NFU arbeider for at CRPD (FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne) skal ha same rettane i norsk lovverk som til dømes kvinnekommisjonen og barnekonvensjonen, seier Vetås.

I Øygarden er RFF (råd for menneske med nedsett funksjonsevne) saman med ungdomsrådet og eldrerådet ein rådstrio som har jamlege møte.

- Vi opplever eit betre samarbeid med administrasjonen enn før. Vi har mellom anna faste møte med dei ulike tenestene.Dette er viktig for oss. Dei som er utviklingshemma i Øygarden har ikkje eit godt nok fritidstilbod, seier Esther Vetås. 

Naust Rockers underheldt frå scena - Klikk for stort bileteNaust Rockers underheldt frå scena

I samband med den offisielle opning av frivilligdagane var det underhaldning ved Linda Ekeland, Anabelle Whitfield, Naust Rockers, Sund Toraderklubb, Knarrevik Munnspillkorps og Øygarden Kyrkjebrass.

Dei frivillige laga og organisasjonane har utstillingar også laurdag. Laurdag klokka 14.10 er det konsert med Fjell Brass på Sotraplassen klokka 14.10.

Her er fleire bilete:



Tekst og bilete: Vigleik Brekke