Elevbesøk frå Frankrike

Både skuleåret 2018/19 og skuleåret 2022/23 har Fjell ungdomsskule vore heldige og fått tildelt Trollmidlar til studietur til Frankrike. Begge gonger har vi samarbeidd med ungdomsskulen Collège Emile Zola i Sotteville-lès-Rouen. 

Fredag denne veka fekk elevane eta lunsj med ordføraren på rådhuset. - Klikk for stort bileteFredag denne veka fekk elevane eta lunsj saman med ordføraren på rådhuset.

No hadde ei elevgruppe på 22 elevar frå denne ungdomsskulen og dei to lærarane deira lyst på ein gjenvisitt – Noreg er ganske så eksotisk og gjev høve til å praktisere engelsk. 

For verkeleg å oppleve norsk kvardag, vart ungdomar og vaksne innkvarterte privat. Gjestane kom til Flesland laurdag 13. april og vart der ønskte varmt velkomen av vertsfamiliane. Søndagen var det tur for alle saman, gjestar og vertar, til Fjell Festning. Ei flott oppleving for alle dei bortimot 60 som var med. 

I skuleveka har dei teke del i ulike klassar ved Fjell ungdomsskule, vore på tur på Fløyen med eitt av valfaga våre: «Internasjonalt samarbeid» og besøkt Knappskog skule. Gjestane har og sjølve sørga for å vere turistar i Bergen. Fredagen vart dei inviterte til å spise lunsj med ordføraren, noko dei sette stor pris på. På ettermiddag- og kveldstid har ungdomane teke del i vertsfamilien sine gjeremål. 

Ordføraren og læraren - Klikk for stort bilete

Vi har vore veldig heldige med veret denne veka. Øygarden og omegn har vist seg frå si beste side. Håpet er at eit slikt besøk kan gje gode opplevingar på tvers av landegrensene, at venskap vert etablerte og at mange har gode minner etter denne veka.
 

Tekst: Trude Bergitte Brovold Kårstad
Foto: Kjell Andersland