Gjennomfører bore- og sprengingsarbeid ved Liljevatnet

I veke 17 frå måndag 22. april startar førebuande fylle- og borearbeid med omlegging av gangveg ved Liljevatnet barnehage.

I dette området vert det sprngingsarbeid frå veke 17. - Klikk for stort bileteI dette området vert det sprengingsarbeid frå veke 17. Sotra Link

Det må påreknast noko støy ettersom lastebil, platevibrator og gravemaskin vert brukte for å utføra arbeidet. Arbeidet vil ta om lag fire veker og venteleg vera sluttført i veke 21. Arbeidstidene er mellom klokka 07.00 og 17.00.

Det vert også sprengingsarbeid ved Liljevatnet barnehage frå veke 17 for å planera ut område som skal brukast til ny mellombels rundkjøring. Her vert det oppstart tysdag 23. april. Det er skytetider mellom klokka 10.00 og 11.00 og klokka 19.00. Ved sprenging vert vegen stengt i ein kort periode. 

Sotra Link opplyser at sprengingsarbeidet vil skje i ulike periodar og vil vara ut juni 2024.

Les meir på nettsida til Sotra Link.