Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00). Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden
Representantar frå det frivillige kulturarbeidet møtte ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel-Møvik Olsen i dag for å drøfta etablering av kulturråd. Det vert førebudd ei politisk sak om samarbeidsavtale mellom kulturrådet og kommunen.
Ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i utval for plan, Svein Otto Jacobsen, inviterte i dag dei tilsette i plan, geodata og oppmåling og byggesak, tilsyn og miljøforvaltning til kaker og kaffi i kultursalen på rådhuset.
Representantar frå kommunen og ei rekkje beredskapsaktørar var i dag samla på det første beredskapsmøtet for den nye kommunen.
I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 24.
På fredag hadde leiinga i Øygarden kommune besøk av konsernleiinga i BKK v/ konsernsjef Jannicke Hilland og konserndirektør kommunikasjon, Rune Indrøy. - Vi ønskjer å vera ein samfunnsaktør. Vi er stolte av dykk som eigarar i BKK, sa konsernsjef Hilland.
Ordførar Tom Georg Indrevik fekk æra av å dela ut fem miljøfyrtårnsertifikat på fredag.- Målet er at flest mogleg bedrifter tek dette sertifikatet, seier ordføraren.
På jobbjakt eller ønskjer du nye utfordringar? Vi har fleire spennande stillinga som; konsulent (politisk service), lønskonsulent, sjukepleiar, miljøterapeut, helsefagarbeidar, pedagogisk leiar og fastlegeheimlar. Velkomen som søkjar!
Torsdag 18. juni har kommunestyret eit langt sakskart. Mellom dei 36 sakene er revidert budsjett, årsmelding og rekneskap for dei tre gamle kommunane, auke i tal på heildøgnpassar i omsorg, tiltak knytt til koronaviruset og alkoholpolitisk handlingsplan.
Ungdommens kommunestyre vedtok på torsdag å løyva 40 tusen kroner til «Vaksne som bryr seg på Ågotnes».
Formannskapet går inn for at Øygarden kommune nyttar ekstratilskot frå staten på 18 millionar kroner til vedlikehald av bygg og anlegg. Som eit tiltak knytt til koronaviruset, har regjeringa tilrådd ein aktivitetsdrivande tiltakspakke for kommunane.