Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Arealoverføring

Arealoverføring er overføring av areal mellom eigedomar med felles grense utan at arealet vert oppretta som ein eigen eigedom.

Vilkår for arealoverføring

  • Det må liggja føre løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova og eventuelt jordlova.
  • Det må liggja føre nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet.
  • For mindre endringar av areal (inntil 5 prosent) vert det gjennomført grensejustering.
  • Krava til pantefråfall ved arealoverføring er dei same som ved samanslåing av eigedomar. Dette vert gjort for å hindra prioritetskollisjonar mellom heftingar. Les meir om samanslåing og prioritet på nettsidene til Kartverket.
  • Dersom det er tinglyst ein urådigheit på den avgjevande eigedomen, må samtykke frå rettighetshavaren leggjast ved.
  • Ved arealoverføring mellom landbrukseigedomar, må det gjevast samtykke etter jordlova §12. I slike tilfelle må konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfrihet følgja søknaden. Les meir om konsesjon og landbrukseigedom. (lenkje til eigen side)

Slik søkjer du

Du søkjer om arealoverføring av eigedom ved å fylla ut søknadsskjema, søknad om tilråding til tiltak utan ansvarsrett.

Søk om arealoverføring

Sjå døme på ferdig utfyld skjema med rettleiing

Dokumentasjon til søknad

Når du skal senda ein søknad om oppretting (deling) av eigedom, er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å behandla søknaden din.

Dokumentasjon som må væra med søknaden

Anna dokumentasjon som kan vera relevant til søknaden

  • Søknad om dispensasjon 
  • Avkøyringsplan 
  • Erklæring eller avtalar om vegrett, leidningar og nødvendig vedlikehald som går over andre eigedomar
  • Eventuelle erklæringr om at eiendom (den opprinnelige eiendomen) gjer frådelt (ny) eigedom rett til veg, vatn- og avløpsleIdningar og eventuelt vedlikehald må også leggjast ved.

Søknadsskjema og skildring av dokumentasjon

Send inn søknad

Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen på e-post eller per post:

Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Pris for oppmåling

Her finn du prisar for oppmåling