Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Grensejustering

Ein grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar.

Kriterier for grensejustering

  • Arealet mellom to eigedomar kan auast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
  • Ingen av eigedomane kan avgje eit areal som overstig 20 % av arealet til eigedomen før justeringa (80% av eigedomen sitt areal må liggja i «ro»).
  • Verdien av eigedomen kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn grunnbeløpet i folketrygda (1G).
  • Areala som vert berørt av grensejusteringa, må vera regulert til same formål. Grensejustering mellom areal mellom ulike formål (til dømes veg og bustad) krev søknad etter plan- og bygningslova.
  • Ved større endringar skal det søkjast om arealoverføring

Slik søkjer du 

Grensejusteringar krev ikkje søknad eller løyve etter plan- og bygningslova, men du må fylla ut skjemaet Rekvisisjon om oppmåling.

Søknad om rekvisisjon av oppmålingsforretning 

Dokumentasjon til søknad: 

Situasjonskart som viser eksisterande grenser og ny/ønskt grense. Les meir om situasjonskart 

Send inn søknad

Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen på e-post eller per post:

Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Kva skjer vidare? 

Kommunen vil vurdera om kriteria for grensejustering er oppfylt. Vert søknaden godkjend, vert partane kalla inn til oppmålingsforretning, der dei nye grensene vert målt og merkt i marka.

Pris

Her finn du prisar for oppmåling