Frådeling og omdisponering av areal i LNF
LNF og LNF spreidd - landbruk- natur og friluftsformål.
Samandrag
- Dyrka/dyrkbar jord må ikkje brukast til anna føremål enn jordbruksproduksjon.
- Viktige samfunnsomsyn kan gje grunnlag for løyve til omdisponering/frådeling (eks: offentleg infrastruktur, private tiltak til nytte for allmenta, tilleggsjord til anna landbrukseigedom).
- Private ønskjer gjev normalt ikkje grunnlag for å få løyve til frådeling/omdisponering etter jordlova (eks: arveoppgjer, gåver, eige matrikkeleining, pantsetting for lån, utskiljing av tomtar/bustadbygging, utviding av hagar, private tilkomstvegar).
- Her sjekkar du arealtype for din eigedom
- Er det fulldyrka, overflatedyrka eller innmarksbeite jf NIBIO-gardskart MÅ det alltid søkjast etter jordlova.
- Er det produktiv skog, myr og anna som kan vere dyrkbart i framtida må det også søkjast etter jordlova.
- Det er ikkje høve til å dele frå våningshus frå landbrukseigedomar.
- Det er ikkje høve til å dele utmark frå innmark (unntak: tilleggsjord til anna landbrukseigedom).
Kven kan søkja?
Eigar av landbrukseigedom kan søkja om omdisponering/deling av ein landbrukseigedom. Kjøpar av arealet kan også søkja der avtalen mellom selger og kjøpar gjev rett til dette.
Søknad
Send søklnad til postmottak@oygarden.kommune.no Merk med “søknad om handsaming etter jordlova” og gards- og bruksnummer.
Søk om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord
Søk om deling av landbrukseigedom
Meir informasjon om
Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida.
Det skal takast omsyn til:
- Godkjende planar etter plan- og bygningslova,
- Drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
- Kulturlandskapet
- Det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi
- Om arealet kan førast attende til jordbruksproduksjon
- Det kan krevjast lagt fram alternative løysingar
Meir informasjon om omdisponering og korleis ein søkjer finn du på nettsida til Landbruksdirektoratet
Saksbehandling
Saksbehandlingstid for søknad etter jordlova: 3-4 mnd (per mai 2022).
Meir informasjon om jordlova
Regjeringa har sett eit mål om sikre produksjonsareala til landbruket for framtida. Dette gjeld særleg dyrka og dyrkbar mark men også utmarksareal. Mykje av produksjonsarealet i norsk landbruk er utmark. Utmarka gjev grunnlag for beiting og produksjon av kjøt, uttak av tømmer og ved, produksjon av honning, sanking av bær m.v.
Å sikre areal til matproduksjon er svært viktig pga matsikkerheit og beredskap og for å sikre at også framtidige generasjonar kan produsere den maten dei treng.
Dette er eit JA for å sikre landbruket for framtida!
Lover
Sist endra 27.11.2023 10.14