Situasjonskart

Når noko skal byggjast på eigedomen, skal det først teiknast situasjonsplan. Kort fortalt vil dette seia at det planlagte tiltaket vert teikna inn i eit situasjonskart.

Kva er eit situasjonskart? 

Situasjonsplan skal leverast inn saman med byggesøknaden, og viser det planlagte bygget (tiltaket) med avstander til andre bygningar og nabogrenser. Situasjonsplanen vert teikna inn på eit situasjonskart frå kommunen. Situasjonskartet er eit kartutsnitt, der offentlege rammevilkåra for plan- og byggjesaksbehandlinga er teikna inn.

Følgjande opplysningar går fram på situasjonskartet til kommunen anten som tekst eller teikning:

  • gnr/bnr på eigedomen og berørte nabo- og gjenbuareigedomar for tiltaket
  • eigedomsgrenser
  • tilkomst til eigedomen
  • høgdekurver
  • målestokk
  • rutenett med koordinatar
  • plangrunnlag

Situasjonskartet skal ikkje vera eldre enn 1 år.

Korleis tingar du situasjonskart 

  1. Gå til vår kartløysing 
  2. Finn aktuell eigedom ved å tasta inn adresse, stad eller eigedom
  3. Meny (venstre side) klikk "Skriv ut"
  4. Vel arkstorleik
  5. Vel målestokk 1:500
  6. Lag PDF
  7. Skriv ut