Booking saksbehandlar: Byggesak

Du kan reservere tid for telefon-, nettmøte eller fysisk møte med saksbehandlar på byggesak. 

Tilgjengelig

Måndag, onsdag og fredag 12.00 - 15.00 Møtelengde ca. 15 minutter.

Møtealternativ

  • Telefon
  • Nettmøte (Microsoft Teams)
  • Fysisk møte på innbyggartorg, Straume

Du veljer møteform i registreingsskjema.

Kva kan eg få hjelp til?

Du kan få svar på spørsmål om til dømes søknadsreglane, og få hjelp til å finna fram til kva reglar som gjeld på staden der du skal bygge. Dette gjeld både lovbestemte reglar og regler fastsette i reguleringsplan eller kommuneplan. Vi gjev og råd om prosess, ansvar og andre tema som må avklarast for å kome i gang.

På møtet vurderer vi ikkje konkrete byggesakar eller konkrete løysingar, men gir råd om korleis du skal gå fram i saka, kva for nokre krav det er til dokumentasjon og kor du kan innhente naudsynt informasjon. Møtet erstattar ikkje førehandskonferansar eller innsyn.  Du finn informasjon om desse tenestene her

Har du spørsmål om di sak?

Send e-post til postmottaket eller ta kontakt med saksbehandlaren din på e-post eller på telefon i telefontida som er tysdag og torsdag mellom kl. 09.00-15.00.

Korleis avtaler eg møte med saksbehandlar?

Du vel type teneste, tidspunkt og fyller inn informasjon i skjemaet du finn på knappen under. 

Reserver møte med saksbehandlar

Korleis avlyser eller flyttar eg ein avtale?

I stadfestinga du fekk på e-post vel du "Planleggje på nytt" lenkja/knappen.