Kommunestyret

Kommunestyret er kommunen sitt øvste styringsorgan. Oversikt over kommunestyret sitt ansvarsfelt finn du i kommunen sitt delegeringsreglement, punkt 2.

Kva er eit kommunestyre?

Kommunestyret er kommunen sitt øvste politiske organ. Kommunestyret består av medlemmer og varamedlemmer vald av kommunen sine innbyggarar ved kommuneval kvart fjerde år. Inneverande kommunestyreperiode er frå 2023-2027.

Kommunestyret - samansetjing

Øygarden kommune har 45 representantar i kommunestyret frå ulike parti. Kommunestyret vert leia av ordføraren.

Møte i kommunestyret

Kommunestyret har omlag 8 møte i året.
Møta går for opne dører og vert overført direkte på kommune-TV. Du kan også sjå opptak av tidlegare møte.

Møteplan og representantar i kommunestyret

Her finn du oversikt over møte i kommunestyret og sakspapir til møta.

Medlemmer

Her finn du oversikt over ordførar og representantar i kommunestyret med kontaktinformasjon.

Reglement

Representantar i kommunestyret 2023 - 2027 - Klikk for stort bilete