
Endrar køyremønsteret ved Storavatnet frå 6. desember
Frå klokka 22.00 den 6. desember vert av-, og pårampe fra riksveg 555 retning Askøy stengd. Trafikk til og frå Askøy må nytta Godviksvingene. Rundkøyring vert teken i bruk frå 11. desember.
Les meir.
Storebrand vert pensjonsleverandør for Øygarden kommune
Storebrand Livsforsikring AS oppnådde høgast skår i evalueringsmodellen etter å ha levert det beste tilbodet totalt sett og vert difor pensjonsleverandør for Øygarden kommune også dei komande fire åra. Kommunestyret har godkjent resultatet av konkurransen om tenestepensjon for forsikra løysing i fellesordninga.
Les meir.
Eldrerådet prioriterer bibliotek, transport, pårørandeskule og palliativt team
Eldrerådet gav innspel til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 då det var samla til møte på torsdag. Rådet ber mellom anna om at det vert oppretta eit palliativt team etter same modell som Bergen kommune har gode erfaringar med. Teamet bør vera knytt til Øygarden lokalmedisinske senter på Straume.
Les meir.
Vil skjerma kulturskulen
Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) ber om at den demografijusteringa av kulturskulen ikkje vert vedteken. Det vedtok rådet då det på møtet på onsdag av uttale til budsjett for 2027 og økonomiplan for 2027-20230. I uttalen vert det vist til at kulturskulen har lange ventelister og treng ikkje det som RFF oppfattar i realiteten er ei nedskjering.
Les meir.
Budsjettet: Ungdomsrådet prioriterer barn og unge
Ungdomsrådet gav på møtet på tysdag uttale til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030. Rådet minner om at kulturskulen er eit viktig tilbod for barn og unge.
- Mange står på venteliste for å få plass i kulturskulen, og det bør setjast av meir pengar til kulturskulen som er eit godt tilbod til barn og unge, meiner ungdomsrådet.
Les meir.
Seksuelle overgrep er eit folkehelseproblem
I podkastepisode 29 av Rådhuset handlar det om korleis det vert gjeve hjelp til dei som er utsette for seksuelle overgrep.
- Eí av tre kvinner og eín av ti menn vert utsette for seksuelle overgrep. Dette er eit folkehelseproblem. Dersom ein ikkje får snakka om dette, set traumene seg i kroppen, seier dagleg leiar i Kompetansesenter mot seksuelle overgrep i Vestland, NOK, Anne Merete Ødven.
Les meir.
Nyttig øving
- Eg opplevde dette som ei god øving. Det seier beredskapssjef i Øygarden kommune, Geir Knarvik Fjeldstad, etter ei øving med pågåande livstruande vald (PLIVO) torsdag ettermiddag. Øvinga handla om eit angrep mot Kollsnes prosessanlegg der nokre personar døde og fleire personar vart skadde.
Les meir.
Nye namn på haldeplassar
Denne veka har fleire haldeplassar i Øygarden fått endra namn eller skrivemåte. Språkrådet og Kartverket samarbeider med Vestland fylkeskommune om å retta skrivemåte og namn på haldeplassar i fylket.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (48)
- 23.11.: Interne møte
Eviny/BKK eigarmøte - 24.11.: Interne møte
- 25.11. Møte med Elevrådet Fjell Ungdomsskule
Opplæring arealdelen til kommuneplanen
Besøk av tysk radio
Dialog med Redd Barna
Nabokontaktmøte Equinor - 26.11. Innlegg NITO landsmøte
Årskonferansen Riksrevisjonen - 27.11.. Arbeidsutval
VBB møte - 28.11.: Lansering av bygdebok band 6, gamle Øygarden kommune
Tenning av julegran på Rong
Danseforestilling på Rong
Ordføraren neste veke(49)
- 30.11.: Interne møte
Formannskapet (arealdelen til kommuneplanen) - 01.12.: Jubileumsfest for medarbeidarar 25 og 40 år
Møte med Elisabeth Vethe - 02.12. :Møte om ferjedrift og økonomi
Interne møte - 03.12.: Styremøte i Norske kjernekraftkommunar
Markering FN-dag, arrangement i Sotra Arena - 04.12.: Digitale frukostmøte
- 06.12.: Nissefest Thon Senter Sartor