Frå PLIVO-øvinga torsdag ettermiddag.Hovudaktørar i øvinga var Øygarden brann og redning og Sotra legevakt. Equinor, Øygarden kommune, Raudekrossen, Securitas og Vestnytt hadde støttefunksjonar. Av kapasitetsårsaker var ikkje politiet med på øvinga.
Også øvingsleiar Remi Oen i Øygarden brann og redning, er godt nøgd med øvinga.
- Øvinga i går var ein av dei beste storøvingane vi har hatt. Dei ulike aktørane fann kvarandre og vi samhandla godt. I ei øving er det alltid nokre småting vi kan gjera annleis, men vi løyste oppgåvene godt i lag, seier Oen.
Øvingsscenarioet var svært krevjande for både helse, brann og politi. Etter kort tid vart det behov for å etablera både evakueringssenter og pårørandesenter. Øygarden kommune stilte lokale til disposisjon.
- Dette var ei krevjande hending som ville ha ramma kommunen hardt. Eg meiner vi løyste utfordringane på ein god måte internt i den kommunale kriseleiinga (KKL) og at det var god samhandling med naudetatane og Equinor, seier Knarvik Fjeldstad.

Øvinga hadde fokus på samhandling mellom brannvern, legevakt, Equinor og dei andre involverte partane. Det handla mellom anna om varsling, informasjonsflyt, pasientbehandling, pårørandehandtering og mediehandtering.
- Det vil alltid vera gode og viktige læringspunkt som vi tar med oss vidare i utviklinga av beredskapen i Øygarden. Det er nettopp difor det er så viktig å øva, seier Geir Knarvik Fjeldstad.
Fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Maja Fjell Thomas, Remi Oen og Vigleik Brekke