Frå møtet i ungdomsrådet på tysdag. Møtet vart leia av nestleiar i rådet, Rebekka Kvaal.I uttalen peikar rådet elles på at skulehelsetenesta og miljøterapeutar må prioriterast slik at ungdommen får den oppfølginga dei treng.
- Kommunen bør i større grad sjå på effektiviseringsprosessar som kan gje innsparingar framfor å kutta i tenester til barn og unge, heiter det frå ungdomsrådet.
Driftsbudsjettet for 2027 har ei ramme på om lag fire milliardar kroner. Om lag 37 prosent av budsjettet går til barn og unge, og nesten like mykje av budsjettet er sett av til Helse og velferd. På investeringssida er det mellom anna lagt inn midlar til ny ungdomsskule på Bildøyna og ny barneskule på Skålvika.
Ønskjer gode rutetilbod i heile kommunen
Ungdomsrådet drøfta Skyss sitt utkast til Ruteplan vest. Høyringsutkastet presenterer framlegg til nytt kollektivtilbod ved opning av riksveg 555 Sotrasambandet og ei stegvis vidareutvikling av rutetilbodet i vestkorridoren på lengre sikt.
Ungdomsrådet ber om at kommunestyret ved endeleg behandling inkluderer i uttalen at dei nye rutene også må ivareta dei ytre delane av kommunen og at rutetilbodet der også her vert styrkt. Det er også svært viktig at tilbodet er i stand til å dekkja barn og unge i distrikta sitt behov for kollektivtransport internt i kommunen.
Ungdomspolitikarane meiner at Straume i større grad bør vera eit knutepunkt og overgangspunkt for bytte av buss, slik at det ikkje vert nødvendig å bytta buss ved Storavatnet. Dette vil også styrkja rutetilbodet i kommunen. Ved bytte av buss må det vera god korrespondanse og ein må sikra at passasjerane kan reisa samanhengande utan for lange ventetider.
Hovudendringane i Ruteplan vest er at hovudlinjene vil køyra den nye hovudbrua og at lokalrutene på Litlesotra skal køyra den gamle brua til Storavatnet terminal. Tiltaka skissert i planen vil forbetra kollektivdekning på Straume og vidareutvikla kollektivtilbodet mellom Straume, Bergen sentrum og Bergen vest.
Elles sluttar ungdomsrådet seg til framlegget til uttale frå kommunedirektøren. Det kan du lesa her. (PDF, 34 kB)
Prioritering av midlar frå kommunalt forebyggingsprogram for barn og unge
Rådet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge i 2027. Dette er ei ny statleg tilskotsordning som frå 2026 samlar fleire tidlegare øyremerkte tilskot. Målet er å gje kommunane større fridom til å prioritera førebyggande innsats ut frå lokale behov.
Dette inneber at plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar 2025–2029 skal leggast til grunn for prioriteringane. Kommunedirektøren får mynde til å disponera det årlege tilskotet frå kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge i planperioden 2027–2029. Disponeringa skal byggja på måla, innsatsområda og prioriteringane i plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar 2025–2029.
Levekårsutvalet skal årleg få skriftleg orientering om fordelinga av tilskotsmidlane.
Saka vert avgjort av levekårsutvalet.
Gav innspel til planleggingsarbeidet med ny skule på Skålevik
Øygarden kommune arbeider med planlegging av ny barneskule på Skålevik. Prosjektet er no i ein fase der rom- og funksjonsprogram og teknisk kravspesifikasjon vert utarbeidde som grunnlag for ein pris- og designkonkurranse.
Volumstudie ny skule i Skålvika.
Ungdomsrådet hadde fleire innspel til det vidare planleggingsarbeidet med skulen:
- Ballbinge og leikeplass må leggjast til rette for dimensjonen til skulen.
- Det er viktig å skjerma skulen litt frå vegen, samstundes som skjerminga vert funksjonell og kan brukast av barn og unge (t.d. gapahuk).
- Skjerma skogen i den grad det er mogleg og leggja til rette for skogsleik.
- Stilla estetiske krav til bygget, slik at bygget i seg sjølv innbyr til aktivitet.
- Syta for at gangvegen og bilvegen har eit tydeleg skilje for å skapa ein trygg skuleveg.
- Sikra universell utforming av både inne- og uteområdet og at dette ikkje er isolert frå resten av området.
Prosjektet skal ut i konkurranse januar 2027. Det er då lagt opp til ein kapasitet for 150 elevar, med mogleg utviding til 450 elevar. Skulen kan stå klar til bruk hausten 2030.
Pårørandestrategi med handlingsplan 2026 – 2030
Ungdomsstyret støttar kommunedirektøren sitt forslag til vedtak. Ungdomsstyret meiner samstundes at det er viktig at kommunen også varetek barn der dei får rolla som pårørande. Ungdomsstyret meiner også at kommunen må sjå på samtalegrupper for barn og unge som pårørande som eit tiltak. For å sikra tverrfagleg samarbeid i kommunen er det viktig at skulane vert kopla på, slik at dei også kan vera ein ressurs for barn og unge som pårørande.
I tilrådinga frå kommunedirektøren, som også ungdomsrådet slutta seg til, heiter det at pårørandestrategi med handlingsplan 2026–2030, vert vedteken slik han ligg føre som vedlegg til saka. Planen skal følgjast opp som ein del av ordinær drift, leiing og kvalitetsarbeid i helse- og omsorgstenestene. Tiltak som krev nye økonomiske ressursar, skal vurderast gjennom ordinære budsjett- og økonomiplanprosessar.
Handlingsplanen omfattar seks delmål. Dette er:
- tidleg identifisering og avklaring
- god informasjon og open kommunikasjon
- medverknad og samarbeid
- støtte til pårørande
- barn som pårørande
- kompetanse, leiing og kvalitetsutvikling
Presentasjon av resultat frå arbeidsverkstad i ungdomsrådet 13.10.2026
Ungdomsrådet gjennomførte i møtet den 13. oktober ein arbeidsverkstad om å kartleggja kva tema som er viktig for dei og korleis dei best kan jobba saman.
Ungdomsrådet ber administrasjonen ta saka opp igjen i 2027, med meir informasjon slik at ungdomsrådet kan jobba vidare med denne.
Prøveprosjekt for framtidas helsetenester - Frå teknologi til nye tenester
Ungdomsrådet tilrår kommunedirektøren sitt forslag til vedtak om å gjennomføra eit prøveprosjekt med ei felles driftsøving, påfølgjande utvikling og utprøving av ein ny tenestemodell for heimebuande. Prosjektet vert ein del av porteføljen Øygarden pluss. Porteføljen gjer faste oppdateringar om framdrift til politisk nivå.
Rådet vil samstundes trekkja fram at prosjektet kan vera eit bra tiltak som kan hjelpa pasientar som er redde for å ta opp problema sine ved fysiske møte. Det vil likevel vera viktig, for å sikra at teknologien ikkje går på kostnad av kvaliteten på kommunen sine tenester, at dei som skal bruka digitale løysingar får tilstrekkeleg opplæring i dette og at manglande digital erfaring ikkje vert eit hinder. Digital hjelp kan også vera eit bra verkemiddel for yngre brukargrupper.
Kommunedirektøren foreslår eit prosjekt i to delar, med deltaking frå fleire tenester, tillitsvalde og verneombod. Først ei felles driftsøving der deltakarane undersøker korleis konkrete oppgåver kan løysast annleis med tilgjengeleg teknologi. Øvinga skal synleggjera kva dette krev av kompetanse, leiing og organisering. Erfaringane skal deretter nyttast til å utvikla og prøva ein ny modell for hjelp og oppfølging til heimebuande.
Prosjektet skal prøva ut nye arbeidsformer og organisering gjennom heile løpet frå førebygging og tildeling til tenesteleveranse og oppfølging. Målet er møta den store framtidige etterspørselsveksten for tenester i heimetenesta med nye grep.
Prioriterer Basecamp på topp
Ungdomsrådet slutta seg i hovudsak til innstillinga frå kommunedirektøren i saka om tilskot til inkludering av barn og unge 2027 (Bufdir) - Prioritering av innkomne søknadar 2027.
Tiltaket «Ope hus» til foreininga Basecamp vert prioritert høgast blant søknadene om støtte.
Vidare følgjer Fjell Røde Kors (Ope hus), Sund Røde Kors (stillingsressurs til Barnas Røde Kors) og Foreininga Basecamp (BUA Straume).
Kommunedirektøren hadde sett opp Way Forward (Forsprang) som femteprioritet. Her ville ungdomsrådet prioritera Sotra Sportsklubb (Alle med fondet).
Elles følgjer ungdomsrådet innstillinga frå kommunedirektøren med slik prioritering etter Way Forward: Foreininga Basecamp (Kickstart - arbeidstrening), Haganes Kaffekollektiv (Open møteplass), Vestland Idrettskrets (Aktivitetsguide), Frilager Bergen og Omegn (Etablering av Frilager hentepunkt) og Beatus Cras (Lukkelege fritids- og ferieaktivitetar).
Øygarden kommune deltar i BUFDIR (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) si tilskotsordning «Tilskot til inkludering av barn og unge» i 2027. Ordninga er lagt opp til at frivillige lag og organisasjonar i Øygarden kan søkja tilskot, men det er kommunen som skal rangera søknadene før Bufdir gjer vedtak på kven som får innvilga stønad.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto/volumstudie: Vigleik Brekke og Arkitektgruppen Cubus