Storebrand vert pensjonsleverandør for Øygarden kommune

Storebrand Livsforsikring AS oppnådde høgast skår i evalueringsmodellen etter å ha levert det beste tilbodet totalt sett og vert difor pensjonsleverandør for Øygarden kommune også dei komande fire åra.

Storebrand

Kommunestyret har godkjent resultatet av konkurransen om tenestepensjon for forsikra løysing i fellesordninga.

Aon Norway AS har hjelpt Øygarden kommune som pensjonsfagleg rådgjevar i anbodskonkurransen. I tillegg har ei intern arbeidsgruppe samansett av tillitsvalde og deltakarar frå administrasjonen delteke i arbeidet.  

Det er nytta ein evalueringsmodell der pris er vekta 75 prosent og kvalitet 25 prosent, i tråd med kommunestyret sitt vedtak. 

Det meldte seg to tilbydarar i anbodskonkurransen; Storebrand Livsforsikring AS og KLP.  

Storebrand Livsforsikring AS oppnådde altså høgast skår i evalueringsmodellen etter å ha levert det beste tilbodet totalt sett og vert difor pensjonsleverandør for Øygarden kommune frå 2027 til 2030.