Vil skjerma kulturskulen

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) ber om at den demografijusteringa av kulturskulen ikkje vert vedteken. Det vedtok rådet då det på møtet på onsdag gav uttale til budsjett for 2027 og økonomiplan for 2027-20230.

Nestleiar Christian Daae-Hansen og leiar Lisbeth Hjortland. - Klikk for stort bileteNestleiar Christian Daae-Hansen og leiar Lisbeth Hjortland.

I uttalen vert det vist til at kulturskulen har lange ventelister og treng ikkje det som RFF oppfattar i realiteten er ei nedskjering. 

- Om dette skulle vore ei justering i tråd med det den ordinære skulen får, skulle talet vore fem tusen kroner, ikkje 500 tusen kroner, heiter det frå RFF.

Forslagsstillar Kenneth Hjortland viste til signal om at nedskjeringane i stor grad vil ramma dei tiltaka i kulturskulen som brukarar med nedsett funksjonsevne treng, som onsdagslubben på Straume arbeidssenter og musikkterapi i skulen.

RFF stiller seg bak fleirtalspartia sitt budsjettframlegg, men vil reversera demografijusteringa på 500 tusen kroner til kulturskulen og ta inn støtte til følgje til ferieturar med 700 tusen kroner. Inndekning av dette vert teke frå disposisjonskonto til formannskapet.

Vidare ber rådet om at kommunedirektøren framskundar arbeidet med tilrettelagde bustader for menneske med nedsett funksjonsevne.  

- Vi er skuffa over at gruppa vi representerer stadig vert tilsidesett i budsjettarbeidet. Dette ønsker vi ei endring på, heiter det frå uttalen frå RFF.

Nytt rutetilbod

RFF drøfta Skyss sitt utkast til Ruteplan vest. Høyringsutkastet presenterer framlegg til nytt kollektivtilbod ved opning av riksveg 555 Sotrasambandet og ei stegvis vidareutvikling av rutetilbodet i vestkorridoren på lengre sikt.

Hovudendringane i Ruteplan vest er at hovudlinjene vil køyra den nye hovudbrua og at lokalrutene på Litlesotra skal køyra den gamle brua til Storavatnet terminal. Tiltaka skissert i planen vil forbetra kollektivdekning på Straume og vidareutvikla kollektivtilbodet mellom Straume, Bergen sentrum og Bergen vest.

RFF presiserer at det, i tillegg til ei utviding av tilbodet langs hovudårene, også må satsast på lokale ruter. Det må òg leggjast til rette for gode og tilstrekkelege innfartsparkeringar.

Ønskjer delta i planlegging av ny skule Skålvika

Øygarden kommune arbeider med planlegging av ny barneskule på Skålevik. Prosjektet er no i ein fase der rom- og funksjonsprogram og teknisk kravspesifikasjon vert utarbeidde som grunnlag for ein pris- og designkonkurranse.
Rådet ber om å verta involvert i planlegginga allereie no.

RFF ber vidare om at det vert sett av tilstrekkeleg areal til elevar med særskilde behov. Det må spesielt leggast vekt på moglegheiter for skjerming og arbeid i mindre grupper og eín til eín-undervisning. RFF ber om at det i prosjekteringa vert teken omsyn til materialval som kan dempa støy og at det vert nytta autismevenlege fargar.

På møtet kom det konkrete innspel:

  • Parkettgolv i fleirbrukshallen som fungerer for rullestolbrukarar
  • Avstand til toalett må vera tilpassa funksjonsevna til elevane
  • Minst mogleg bruk av heis, mest mogleg på eitt plan. Der ein må ha heis, må det vera ein skikkeleg heis og ikkje trappeheis/løfteplattform
  • Dørautomatikksystem må vera tilpassa funksjonsnivået til elevane


Prosjektet skal ut i konkurranse januar 2027. Det er då lagt opp til ein kapasitet for 150 elevar, med mogleg utviding til 450 elevar. Skulen kan stå klar til bruk hausten 2030.

Integritet i helse- og omsorgstenester

Eldrerådet fremja i møte den 10. september eit oversendingsforslag om at tenestemottakarar skal bli spurde om dei har ønske om kvinneleg eller mannleg medarbeidar ved dusjing, intimhygiene og anna kroppsnær personleg hjelp.

RFF slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om at integriteten til tenestemottakarane, tryggleik, verdigheit og rett til medverknad ved personleg stell og anna kroppsnær hjelp skal ivaretakast gjennom individuell tilrettelegging og oppfølging innanfor rammene av forsvarleg tenesteyting. Ønske knytte til kjønn på medarbeidaren skal handterast gjennom ordinær dialog og individuell vurdering. Relevante ønske og eventuelle endringar skal dokumenterast og følgjast opp innanfor rammene av tilgjengeleg kompetanse og bemanning.

Markererer FN-dagen

Rådet drøfta status i arbeidet med å markera FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne. Arrangementet vert i Sotra Arena den 3. desember. Hovudgjest er Tommy Urhaug. Les meir om arrangementet her.

Pårørandestrategi med handlingsplan 2026 – 2030

I tilrådinga frå kommunedirektøren, som også RFF slutta seg til, heiter det at pårørandestrategi med handlingsplan 2026–2030, vert vedteken slik han ligg føre som vedlegg til saka. Planen skal følgjast opp som ein del av ordinær drift, leiing og kvalitetsarbeid i helse- og omsorgstenestene. Tiltak som krev nye økonomiske ressursar, skal vurderast gjennom ordinære budsjett- og økonomiplanprosessar.

RFF tilrår likevel at punkt 1.2 (om formål) om at «pårørande blir identifiserte tidleg, får nødvendig informasjon og rettleiing og blir inviterte til samarbeid når det er ønskjeleg og i samsvar med lovverket» vert endra ved å ta vekk «når det er ønskjeleg og i samsvar med lovverket».

RFF presiserer at det er viktig å henta inn informasjon gjennom brukarundersøkingar blant pårørande. Undersøkingane bør vera målretta og relevante for gruppa dei gjeld. 

- Vi tilrår at slike undersøkingar vert gjennomførte jamleg, gjerne annakvart år, uttalar RFF.

Handlingsplanen omfattar seks delmål. Dette er: 

  • tidleg identifisering og avklaring
  • god informasjon og open kommunikasjon 
  • medverknad og samarbeid
  • støtte til pårørande
  • barn som pårørande
  • kompetanse, leiing og kvalitetsutvikling

Prioritering av midlar frå kommunalt forebyggingsprogram for barn og unge

Rådet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge i 2027. Dette er ei ny statleg tilskotsordning som frå 2026 samlar fleire tidlegare øyremerkte tilskot. Målet er å gje kommunane større fridom til å prioritere førebyggande innsats ut frå lokale behov.

Dette inneber at plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar 2025–2029 skal leggast til grunn for prioriteringane. Kommunedirektøren får mynde til å disponera det årlege tilskotet frå kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge i planperioden 2027–2029. Disponeringa skal byggja på måla, innsatsområda og prioriteringane i plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar 2025–2029. Levekårsutvalet skal årleg få skriftleg orientering om fordelinga av tilskotsmidlane.

Saka vert avgjort av levekårsutvalet.

Andre saker

  • Status for kommunale tenester ved livets slutt 
    Saka gjev ei orientering om dagens tenestetilbod, organisering, kompetanse og samarbeid knytt til lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.
  • Prøveprosjekt for framtidas helsetenester – Frå teknologi til nye tenester
     


Tekst og foto: Vigleik Brekke