Tommy Urhaug vert med på markeringa av FN-dagen 3. desember.Møt opp i bane 3 (hallen ved kaféen) i Sotra Arena og få med deg eit spennande innlegg frå Tommy Urhaug, med meir, torsdag 3. desember klokka 17.00.
Ordførar Tom Georg Indrevik har lova å ta ein bordtenniskamp mot Tommy Urhaug. Dersom du møter opp, får du oppleva korleis det går mellom desse to… :).
Også du som deltakar på arrangementet får prøva deg mot Tommy Urhaug i bordtennis, om du vågar. Møt opp og få ei artig oppleving i bordtenniskamp mot den olympiske meisteren.
Nivå og ferdigheitene dine spelar inga rolle. Alle som ønskjer, skal få prøva seg. Det vert også ein liten premie.
Norges Idrettsforbund stiller med representant Julie Sommer, som er rådgjevar for paraidrett i Vestland idrettskrets. Sotra Sportsklubb informerer om sitt tilbod om inkluderande idrett og aktivitetstilbod. I tillegg får du møta RFF og høve til å snakka med representantar frå kommunen og idretten.
Møter du opp i Sotra Arena torsdag 3. desember kl. 17.00, får du med deg dette:
- Tommy Urhaug som snakkar om meistring, idrettsglede og inkludering
- Bordtenniskamp mellom Tommy Urhaug og ordførar Tom Georg Indrevik
- Norges Idrettsforbund, Paraidrett v/Julie Sommer, og aktivitetstilbodet til Sotra Sportsklubb
- Helsing frå ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen
- Presentasjon av RFF - kven er vi? Korleis kan vi hjelpa deg?
- Enkel servering og god tid til mingling
Møt opp i Sotra Arena torsdag 3. desember, bli inspirert, prøv deg i bordtennis mot ein olympisk meister og finn ut kva moglegheiter som finst for inkluderande idrett og aktivitet i kommunen vår. «Idrettsglede for alle!».
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Håkon Tønnessen