Podkastepisode 29: Seksuelle overgrep er eit folkehelseproblem
I podkastepisode 29 av Rådhuset handlar det om korleis det vert gjeve hjelp til dei som er utsette for seksuelle overgrep.
- Eí av tre kvinner og eín av ti menn vert utsette for seksuelle overgrep. Dette er eit folkehelseproblem. Dersom ein ikkje får snakka om dette, set traumene seg i kroppen, seier dagleg leiar i Kompetansesenter mot seksuelle overgrep i Vestland, NOK, Anne Merete Ødven.
Kommunedirektør Johnny Breivik har invitert Anne Merete Ødven og barne- og familiesjef i Øygarden kommune, Monica Johannesen Mørk som gjester i denne podkastepisoden.
- Øygarden kommune samarbeider med NOK og ønskjer å gjera innbyggjarar og tilsette endå betre kjend med dette tilbodet, seier barne- og familiesjefen.
Publisert 27.11.2026 07.15