Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 47.

Møt gullvinnar Tommy Urhaug og spel kamp mot han!

Den 3. desember kan du få eit eksklusivt møte med Tommy Urhaug, som kan skilta med fleire OL- og VM-gull i bordtennis. Han vert hovudgjest når råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) markerer FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne i Sotra Arena.
Les meir.

Anders er glad for digital heimesjukepleie

- For meg som er såpass ung, fungerer dette flott. Det seier Anders Bårdsen Bråthen (42) som er blant dei første i Øygarden som får digital heimesjukepleie. I midten av september starta Øygarden opp med dette tilbodet. Øygarden er mellom dei aller første kommunane i Vestland som nyttar dette.
Les meir.

Skatteetaten vil ha svar frå ikkje-digitale

På innbyggartorg og bibliotek i Øygarden kan du no seia di meining om Skatteetaten. I 2026 er det nesten for nyhende å rekna at dette no også kan gjerast på papir. Spørjeundersøkinga kan du finna på Rong, Skogsskiftet og Straume.
Les meir.

Margrethe Kallestad fekk kulturminnepris

- Det er ei stor ære å få denne prisen. Det seier prisvinnar Margrethe Kallestad etter at Sund sogelag onsdag kveld overrekte henne kulturminneprisen for 2026. Ordførar Tom Georg Indrevik hyllar prisvinnaren. - Margrethe har vore ein markant formidlar av kulturarven vår på fleire område i mange år, sa leiar i sogelaget, Gerhard Inge Storebø, då han las opp grunngjevinga og overrekte prisen.
Les meir. 

Presenterte budsjettforslag i formannskapet

Formannskapet vedtok i dag å leggja framlegg til budsjett 2027 og handlings- og økonomiplan ut på høyring i 14 dagar. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 10. desember. Det låg føre framlegg til driftsbudsjett frå fleirtalskoalisjonen (Høgre, Frp, Venstre, KrF, Sotralista-TVØ og Pensjonistpartiet) og Raudt. Forslaga vart ikkje realitetsbehandla i møtet, men rekna som innspel til saka og følgjer ho fram til endeleg behandling i kommunestyret.
Les meir. 

Festa for 20 år med Sotra United

Det var stor fest for Sotra United på sundag. Vel 60 personar var samla til 20-årsjubileum i lokala til CCB på Ågotnes.
- Det var ein fantastisk gjeng som var der, både tidlegare spelarar og noverande, seier varaordførar Anita Garlid Johannessen. Det er altså 20 år sidan Annlaug Trellevik og Tove Iren Vindenes starta opp tilrettelagt fotball for menneske med funksjonsvariasjonar.
Les meir. 

TREFF+: Julekonsert med Demenskoret i Foldnes kyrkje

Demenskoret inviterer til sin fjerde julekonsert torsdag 10. desember 2026. Publikum kan sjå fram til ei stemningsfull stund med song, musikk og ekte songglede når koristane igjen går på scena i Foldnes kyrkje.

Ottesong - Lys, ro og korsong i ei mørk førjulstid

Øygarden kulturskulekor ønskjer velkomen til ottesong i Foldnes kyrkje. Det er generalprøve laurdag 12. desember kl. 16.30 og ottesong søndag 13. desember kl. 08.00.
Les meir. 

 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (47)

  • 16.11.:  Sentralstyremøte Høgre
  • 17.11.:  Valstyre
                 Formannskapet
  • 18.11.:  Politiråd
                 Dialog om helse og omsorg 
                 Innlegg for EEA Committee (EEA:European Economic Area)
                 Utdeling kulturminnepris 2026 – Nordsjøfartmuseet
  • 19.11.:  Synfaring Klokkarvik 
                 Egarmøte CCB energy
                 Møte med Vest Næringsråd
  •  20.11.:  Bergen Næringsråd – konferanse og middag
  • 21.11.:  Tre vigslar
                 Sund Røde Kors 70 år
  • 22.11.:  Opning julemarknad Glesvær