Skatteetaten vil ha svar frå ikkje-digitale

På innbyggartorg og bibliotek i Øygarden kan du no seia di meining om Skatteetaten. I 2026 er det nesten for nyhende å rekna at dette no også kan gjerast på papir. 

Spørreundersøkinga kan du finna på Rong, Skogsskiftet og Straume. Torill Martinson som arbeidar på innbyggartorget på Straume melder at det allereie er komen inn svar på papir, men at mange også svarar digitalt.

Eldrerådet har hatt saka på kartet

Eldrerådet i Øygarden har fleire gongar løfta dei udigitale sitt høve til å delta i samfunnslivet. I takt med teknologisk utvikling, har trenden dei siste 25 åra vore at offentlege etatar legg ned fysiske kontor, og det meste av kontakt blir flytta til internett og telefon. 

To tilsette framfor inngangen på innbyggartorget i Skogsskiftet. - Klikk for stort bileteBilete: Kenneth Johannessen og Beate Moldøen på innbyggartorg og bibliotek i Skogsskiftet har spørjeundersøking klar. Kenneth Sangolt

600 000 ikkje-digitale

Det er om lag 600 000 ikkje-digitale i Noreg [1]. Dette kjem fram av undersøkingar der innbyggjarar svarar at dei ikkje nyttar smarttelefon, nettbrett eller PC, eller har så svake ferdigheter at dei ikkje kan nytta seg av desse verktøya. Desse undersøkingane måler berre aldersgruppa 16-79 år. 

Vil høyra frå fleire innbyggjarar 

Øygarden har delteke i ein pilot saman med statlege etatar om nærtenestesenter. Som ein liten del av piloten ynskjer Skatteetaten å høyra frå udigitale innbyggjarar. Etaten har årlege brukarundersøkingar, men fram til no har desse vore gjort via internett. 

Det er analytikar Nina Serdarevic i Skatteetaten som mottek spørjeskjemaene: - Spørreundersøkingar gir oss verdfull innsikt i kva som fungerer godt, kvar vi kan bli betre, og kva som skal til for at vi møter ulike behov i befolkninga. Det er også viktig for oss å høyra frå dei som ikkje bruker digitale tenester, eller som treng andre måtar å møta oss på. Nærtenestepiloten gir oss ei moglegheit til å læra meir om nettopp desse behova.

[1] https://hkdir.no/rapporter-undersokelser-og-statistikk/befolkningens-digitale-kompetanse-og-deltakelse-2021

Tekst: Kenneth Sangolt