Anders er glad for digital heimesjukepleie

- For meg som er såpass ung, fungerer dette flott. Det seier Anders Bårdsen Bråthen (42) som er blant dei første i Øygarden som får digital heimesjukepleie. I midten av september starta Øygarden opp med dette tilbodet. Øygarden er mellom dei aller første kommunane i Vestland som nyttar dette.

Anders og Sunniva samtalar via skjerm - Klikk for stort bilete- Dette fungerer godt for meg, seier Anders Bårdsen Bråthen.

Vi møter Anders heime i Skålvika der skjermen står klar på bordet. Helsefagarbeidar Sunniva Svalastog kallar han opp på ein spesialtilpassa skjerm frå sone Straume.

- Hei, god morgon! Har du sove godt, og har du tatt medisinane i dag?

- Alle medisinane har eg tatt og til og med fått meg frukost.

- Har du planar for helga?

- Nei, i helga blir det å slappa av, seier Anders.

Dei digitale samtalane mellom helsepersonellet og brukaren varierer i lengde. Har brukaren behov for å snakka litt ekstra, vert det tid til det. Brukaren kan også ta kontakt sjølv om ønskeleg.

Anders Bårdsen Bråthen er kreftsjuk og har hatt behov for heimehjelp sidan 2024. Han er optimistisk og har forventning til at behandlinga av sjukdomen vil gje positive resultat. No har han to faste digitale samtalar og eitt fysisk besøk frå heimesjukepleia kvar dag.

Anders Bårdsen Bråthen - Klikk for stort bileteAnders Bårdsen Bråthen

Trygg ordning

Tidlegare opplevde han gjerne at ved fysisk besøk kom pleiarane til ulike tider og hadde litt dårlegare tid. Eitt fysisk besøk dagleg og to digitale samtalar fungerer godt for Anders.

- Det er enkelt å bruka skjermen. Med digital heimesjukepleie slepp eg å ha tre besøk av heimesjukepleiar dagleg. Dersom dei ikkje får svar frå meg når dei ringjer opp, ringjer dei meg opp igjen, seier ein fornøgd Anders.

- Kva snakkar de om i den digitale samtalen?

- Vi snakkar om medisinbruk, og dei vil gjerne ha svar på om eg har fått den maten eg treng. Med denne kommunikasjonen vert eg trygg. Pleiarane tek seg tid til å prata, og eg opplever at samtalen vert lengre på denne måten enn ved vanleg fysisk oppmøte, seier Anders Bårdsen Bråthen.

Tommy Borch og Sunniva Svalastog på basen i Bildøybakken - Klikk for stort bileteTommy Borch og Sunniva Svalastog på basen i Bildøybakken

Frivillig tilbod

På sone Straume i Bildøybakken møter vi spesialsjukepleiar Tommy Borch og helsefagarbeidar Sunniva Svalastog. 
Dei understrekar at digital heimesjukepleie er eit tilbod og dermed ei frivillig ordning. Så langt har 10 brukarar takka ja til ordninga. Dei håpar fleire vil nytta seg av tilbodet. Alle som nyttar digital heimesjukepleie har den digitale kontakten med medarbeidarar på sone Straume.

- Med denne løysinga vert det mindre nærkontakt med brukarane og dermed redusert smittefare. Ein del av brukarane våre føretrekk digital heimesjukepleie. Vi ringjer til avtalt tidspunkt. Dei som gjer det på denne måten, opplever at heimesjukepleia vart meir føreseieleg, seier Sunniva Svalastog.

Tommy Borch understrekar at dersom ein brukar finn ut at dette ikkje fungerer, er vegen tilbake til ordinær heimesjukepleie kort. Dette passar ikkje for alle.

- Det er fire medarbeidarar som har ansvar for den digitale heimesjukepleia. Vi vert difor svært godt kjende med brukarane, seier han.

Ifølgje Tommy Borch er erfaringa med dette så langt svært positiv. 

- Vi jobbar også i ordinær heimesjukepleie og kjenner godt til at der er det uføreseielege dagar og ofte press på tid. Med digital heimesjukepleie sparer ein tid til køyring. 

Han fortel at brukarane også gjev tilbakemelding på at ordninga er meir føreseieleg og at dei har kontakt med færre pleiarar enn ved ordinær heimesjukepleie.

- I samtalen skal vi rettleia brukarane. Skal det til dømes setjast ei insulinsprøyte, kan vi sjå på skjermen når det vert gjort. Via skjermen kan vi også sikra at brukaren får tatt rett medisin.

- Er dette eit sikkert system?

- Ja, det er sikkert. Nettbrettet kan berre brukast til akkurat dette formålet. Teknikken har fungert knirkefritt så langt, seier Tommy Borch.


Tekst og foto/video: Vigleik Brekke