Margrethe Kallestad fekk kulturminneprisen frå Sund sogelag 2026.Dette er fjerde gongen at sogelaget deler ut denne kulturminneprisen.
Det var leiar i sogelaget, Gerhard Inge Storebø, som las opp grunngjevinga og overrekte prisen.
- Margrethe har vore ein markant formidlar av kulturarven vår på fleire område i mange år. Ho er kunnskapsrik om kulturhistoria i Sund og har vore med på å skapa forståing for verdien av vår historie, sa Storebø.
Ordførar Tom Georg Indrevik helste til prisvinnaren og minna om at vi ikkje kan vedta oss kultur, men at det er noko som vert skapt av enkeltmenneske.
- Du har alltid vore imøtekomande. Vandreteateret du var sentral i under 200-årsjubileet for biblioteket i Sund (2023) gjorde sterkt inntrykk. I kveld skal du ta til deg det skrytet du får, sa ordføraren.
Frå markeringa i Nordsjøfartmuseet der prisen vart overrekt.Oppteken av lokal kultur
Margrethe fortel at ho fekk telefon frå Gerhard Inge Storebø om at ho skulle få prisen. Ho vart overvelda over det han kunne fortelja.
- Eg har alltid vore oppteken av lokal kultur og har fått jobba mykje med dette. Eg vaks opp tett med besteforeldra, og bestemor tok seg alltid tid til å fortelja og syngja. Då eg la meg song ho eit fast kveldsvers, seier ho.
Margrethe Kallestad har vore tilsett på Nordsjøfartsmuseet i mange år og har fått jobba med det ho elskar. Ho har elles vore engasjert i Glesnes ungdomslag, Sundkoret (tidlegare Sund Blandakor) og Kvinne- og familielaget.
- Eg var også med då kvinne- og familielaget vart lagt ned, sa Margrethe. Ho delte også ut mykje ros til bestemora si (Marta Kausland).
- Ho tok seg av den kulturhistoriske oppsedinga forankra i gudstrua, sa Margrethe i takketalen.
Ordførar Tom Georg Indrevik og prisvinnar Margrethe KallestadBygdebok
I grunngjevinga vert det vist til at Margrethe var med i styret i Sund sogelag då laget drog i gang arbeidet med bygdebøkene “Sund på søre Sotra” i 2006 og var med i bygdeboknemnda alt frå starten. I 2016 stadfesta Sund kommunestyre at arbeidet med band 6 - Kultursoga kunne førast vidare. Då vart det peika på Margrethe som leiar for bygdeboknemnda. Ho sa seg villig.
- Ho leia arbeidet i nemnda på ein trygg og god måte til kultursoga kom ut i 2019. Då hadde Margrethe arbeidd med bygdebøkene i mest 14 år, sa Gerhard Inge Storebø då han presenterte grunngjevinga frå juryen.
Elles var Margrethe sentral i arbeidet med Nordsjøløypa og vandreteaterframsyninga i samband med 200-årsjubileet for biblioteket i Sund i 2023. Her kan du lesa heile grunngjevinga for prisen. (PDF, 55 kB)
Margrethe (nr. tre frå venstre) hadde invitert personar som har betydd mykje for henne i mange år. Her saman med nokre av dei næraste i familien. Frå venstre; Helene Kallestad, Jostein Hummelsund (kjæreste) og til høgre Birgitte Kallestad.I takketalen sa ho at ho alltid har vore ein lagspelar og at det det ikkje var tilfeldig at ho var med på handballag.
- Eg har alltid vore oppteken av den lokale kulturen, og det har vore interessant å få jobba med dette. Det har vorte mykje arbeid med kultur om kveldane og i helgene, mellom anna å samla inn og sortera bilete til bygdeboka. Eg vil takka leiar Jenny Heggvik på museet og dei andre gode medhjelparane, sa Margrethe.
Det var helsingar frå May Britt Hevrøy (Glesnes ungdomslag), Sverre Sangolt, Ivar Steinsland og Jenny Heggvik.
Det musikalske var det felespelar Øivind Vabø som stod for. Fleire av deltakarane på samlinga i Nordsjøfartmuseet las frå bygdeboka «Sund på Søre Sotra».
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke